Frå vandrehistorie til orgelmusikk frå USA

Share

Kveldens sending vart variert på mange måtar. Det starta med Asbjørn Kvalbein som kåserte med utgangspunkt i vandrehistorier. Så kom Odd Åge Ågedal med Over ein open Bibel. Det er informasjon om han på Setesdalswiki no. Sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_14._september_2010 Så var det tid for Kirsten Bråten Berg si plate Songen, eg fekk spelt heile plata i kveld, 15 spor med variert og vakker musikk, kjende songar og nokre litt mindre kjende.

Klokka halv åtte var det tid for nytt frå kyrkje og kristenliv landet rundt. Her var eg innom fleire ting, det meste fann eg hos Nytt Liv Media i Stavanger, og eg synest det er triveleg å kunne gjenbruke noko av stoffet dei lagar. Innslaget basert på Gjesdalmannen Karl Holm sin biografi var interessant, ikkje minst sett i lys av utstillinga på Setesdalsmuseet i sommar om utvandringa til Amerika. I tillegg hadde eg eit innslag om sjelesorg på Internett og om Solborg folkehøgskole, som har fleire søkjarar enn nokon gong. 155 elevar skulle gå der i vinter etter at dei hadde oppgradert eit internat. I innslaget nemnde dei og den nye folkehøgskolen som er starta opp, utan å nemne namnet. Det var jo litt dumt, tenkte eg, men det var ikkje eg som laga intervjuet, så eg hadde ikkje så mykje eg skulle ha sagt.

I kveld hadde eg orgelprogrammet Postludium basert på orgelmusikk frå USA, bare ein europeisk komponist var med, og han var svensk. Det vart ganske mange komponistar, og melodiane var salmemelodiar, så dei var rimeleg lette å fylgje. Informasjon om dette finn du på same lenka som den eg gav deg lenger oppe. Truleg vil det kome meir der etter kvart.

Alt i alt var det ein hyggeleg tysdagskveld i Valle Radio, eg var plent åleine, og då er det jo ikkje så mange andre å skulde på om noko går galt. Men i kveld gjekk det meste greitt, eg kopla opp med roadrunner og det gjekk og fint, takka vere ein god instruksjon som var komen på plass i stativet på teknikarbordet.