Vikarprest og varaordførar

Share

Gjestene mine i Valle Radio i går kveld onsdag 15. september var den nye vikarpresten i Valle og den nye varaordføraren i Valle.

Vikarpresten heiter Terje Seilskjær og er frå Søgne. Han er 55 år gammal og har variert bakgrunn som prest. Den første jobben etter at han var ferdig utdanna fekk han som sokneprest på Dønna på Helgeland. Etter fem år der kom han til Nore og Uvdal øvst i Numedal. Der var han i sju år før han sette kursen mot Sørlandet att. -Det har vore interessant å vere prest både i sjøkanten på Helgeland og i fjellbygdene i Buskerud, fortalde han i Valle Radio.

Men då høvet baud seg til å kome tilbake til Søgne, høvde det godt å gjere noko anna enn å vere prest. Han fekk jobb med å bygge opp Søgne gamle prestegard som kultursenter i bygda. Det var den gamle landbruksskulen, så der var det god plass, oppgåva var å fylle det med innhald. Han var der i sju år, sidan hadde han oppgåver i Søgne kommune, mellom anna knytt til rusproblematikk. Då var det nærliggjande å gå inn i stillinga som dagleg leiar av Kirkens Bymisjon i Kristiansand. Etter nokre år der vart han så fengselsprest i Kristiansand. -Det er ikkje alltid så mykje som skil fangar frå frie, nokre gonger er det bare nøklane, sa han i radioen. Arbeidet i fengslet opplevde han svært meiningsfylt, å kunne vere til stades når folk ynskjer å tale med ein prest, det er ein god ting.

Eg var glad for å kunne helse han velkomen til Valle, fyrste arbeidsdagen hans i prestegjeldet. Og etter praten slo han seg ned i salongen vår og fekk ein triveleg prat med dei som var der, både Jorunn og Gudrun og Ørnulf og vår nye varaordførar, Pål Dale.

Eg hadde tenkt å få ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund, han var vert for kommunalkomiteen sitt besøk i Valle, men han vart med nedover til Lillesand for å ha møte med komiteen i dag, torsdag, då skulle dei diskutere samanslåing av Aust-Agder og Vest-Agder. Men Pål var med på heile programmet i Valle, og han kunne fortelje at det bare var sju av dei tretten medlemmene i komiteen som var med på turen. Han sakna Ole Borten Moe frå Senterpartiet, men han var i Trondheim på 100-årsjubileum for NTNU. Pål fortalde om eit interessant program der dei hadde teke opp aktuelle lokale spørsmål, mellom anna om verneområdet og saker om riksveg 9 og om næringsutivkling. Lunsjen dei fekk var Setesdalssuppe med lefser og eplekake, og dei skrytte mykje av den gode serveringa. På slutten av dagen var komiteen på besøk hos Hasla, og dei var imponerte over det dei fekk sjå der, fortalde Pål, som og la til at han opplevde samarbeidet med ordføraren som godt og at han vart involvert i meir no enn tidlegare. Men han ville ikkje seie om han stiller til attval, han begynte i politikken i 1975, så det har blitt mange år etter kvart, men han har trivdest med det og synest det er interessant å vere med i politisk arbeid.

Der måtte me slutte, for klokka gjekk til 21 og open sending skulle starte. Les meir om programmet på Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20100915