SalmeKlang

Share

Så er Kulturveka 2010 i gang, og i kveld var det SalmeKlang i Hylestad kyrkje som var arrangementet. Det starta klokka 19, då var det 25-30 personar til stades. Altså ikkje stuvfullt, men heller ikkje heilt tomt. Dei fire musikarane gav oss ei oppleving denne kvelden. I ein knapp time song Mari Klingen religiøse folketonar til akkompagnement av Knut Erik Brenna, gitarar, Per Erik Olsen, bassgitar, og Jo-Martin Grosås Nordbø, trommer og perkusjon. Rolf Gunnar Augland i Agder Lyd stod for lyden, og det var salmeklang som fylte romet og sinn og sjel.

Konserten starta med Blomst av fred og glede, tekst av Eyvind Skeie til ein fransk folkemelodi. Deretter kom Å hvor salig det skal blive, norsk folketone. Desse to var frå plata, men den tredje hadde ikkje fått plass på plata: Han tek ikkje glansen av livet av Trygve Bjerkrheim, den tok dei med fordi den betydde mykje for dei.

Deretter kom Jeg råde vil alle i ungdommens dage, folketone frå Romsdal og Ått Gud e evig glede, trønderdialekt og folketone frå Selbu av Hos Gud er idel glede, Johan Nordahl Brun si salme. Den kom utan akkompagnement, og stod like godt utan som dei andre stod med. Så fylgde Å at jeg kunne min Jesus prise, svært lystig laga.

Eg trur eg kom litt utav det med rekkefølge, eg fekk ikkje notert opp kva tid Lær meg å kjenne dine veie av Jakob Paulli til ein folketone frå Åseral kom. Mari Klingen fortalde at salma var skriven på branntomta etter at heimen hans var brent ned og familien død i brannen.

Der er ennå et rom, vel hundre år gammal salme av Endre Hove til norsk folketone var neste melodi, og den nest siste var Jeg fredløs, trett. Her sakna eg ein tydeleg k i ordet kraft i omkvedet: Det er kraft i Jesu blod, men det var det einaste eg merka meg av sakn i salmene. Siste salma var siste på plata: Kom til oss du himmelske due, ein svensk folketone, men det ville ikkje publikum nøye seg med. Applausen ville ingen ende ta, så gruppa måtte fram med eit ekstranummer, og då kom Vidar Kristensen sin sterke Jeg har en venn, også den til ein svensk folketone.

Fleire av desse gamle salmene syng om korset og blodet. Med altertavla i Hylestad kyrkje, som nettopp syner krossfestinga, blei det ei sterk påminning om evangeliet sin glade bodskap om nåde for syndarar i desse folketonane.

Bjørgulv T. Berg laga eit lite intervju til Valle Radio. Eg har tenkt å presentere plata deira i Sangkvelden tysdag klokka 18:30, og då tek eg med det innslaget. Les meir om det på setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_28._september_2010 Der er det og lenke til ein artikkel om gruppa.