Dolkaren

Share

Kulturveka 2010 går frå høgdepunkt til høgdepunkt, så vidt eg kan skjøne. I kveld var det Valle folkebibliotek, Valle mållag og Valle kommune som inviterte til filmkveld og litteraturkafé i Storstoga i Valle kultursenter. Der var det ei innleiing i form av ein samtale mellom forfattaren Paal-Helge Haugen og regissør Terje Dragseth før Dragseth sin film Dolkaren om Paal-Helge Haugen vart vist.

Sjølve framsyninga vart litt plundrete, for DVD-framvisaren var ikkje sterk nok til at ein fekk eit godt bilete på lerretet til å begynne med. Filmen måtte startast om att tre gonger, men etter at Jamie hadde henta ein ny videokanon og fått stilt den inn, kom innleiinga endeleg til sin rett.

Det verka ikkje som om dei om lag 30 personane som var møtt opp for å sjå filmen, hadde noko særleg imot pausane. Sissel Åkre fortalde at kaffi og kaker var på huset, då tok fleire eit ekstra kakestykke og fylte opp koppane ein gong til, og elles gjekk praten med dei ein sat ved kafébordet saman med.

Filmen varte i ein knapp time og vi fekk vere med Paal Helge Haugen på ulike besøk og sjå hans møte med musikarar og andre vener. I tillegg fekk vi høyre nokre av tankane hans om livet generelt og om å skrive lyrikk. Filmen var eit essay, det var ikkje tale om ein film frå A til Å, men meir spreidde glimt som til saman kunne gje eit portrett av nokre sider ved forfatter og forfatterskap. Ufullstendige vil slike portrett alltid vere, men dei kan likevel vere interessante.

-Etter kvart vert ein van med at eit filmteam fylgjer ein til og med inn på kjøkenet, sa diktaren i innleiinga. Musikken frå slåtten Dolkaren spela ein viktig rolle i filmen, vi fekk sjå Hallvard T. Bjørgum spele den, vi fekk og sjå samarbeid med Kirsten Bråten Berg. Vi var med på ein biltur frå Songdalen til Valle, for ein som køyrer den turen kvar veke var det mykje kjensleg stoff. Dei stoppa på Hornnes landsgymnas, der Paal-Helge Haugen hadde gode minne frå.

Du kan lese meir om filmen på setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Dolkaren_(film) Der er det og lenke til artikkel om regissøren Terje Dragseth og andre lenker. Enno har eg ikkje nådd å skrive om Paal-Helge Haugen, men du finn stoff om han på wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/Paal-Helge_Haugen