Felles lege?

Share

Eg reiste til Mandal i kveldinga og kom til å høyre på Valle Radio. I kveld var det kommunestyremøte i Bykle, ein måtte i grunnen vite det for å setje på radioen, for det var ingen annonse i Setesdølen tysdag om at Bykle radio overførte kommunestyremøtet denne torsdagskvelden.

Der fekk eg med meg ei interessant orientering frå kommunelege Stein Vabo i Bykle. Eg trur i alle fall det var han, eg kom inn i programmet då han hadde ordet, og ingen sa kven det var, men det verka ut frå det han snakka om til å vere han.

Den eine saka han orienterte om, fekk eg ikkje med meg. Men så spurde Kai Jeiskelid om han hadde meir han ville seie, og då fortalde han at han og kommunelegen i Valle i vel eitt år no hadde snakka saman om at det gode samarbeidet som er mellom kommunane når det gjeld legevakt – utan det kunne ein ikkje hatt legevakt på lovleg vis, til det er einingane for små – kanskje kunne utvidast til eit større samarbeid.

Fram til no har loven hindra at to legekontor kunne ha felles journal, men no ser det ut til å verte mjuka opp i dei strenge reglane. Då kunne ein sjå for seg at ein slo saman dei to legekontora til ei eining. Det ville føre til at ein fekk felles sjef for dei to kommunane. Framleis ville det vere eit legekontor i kvar kommune, men dei hadde altså tenkt på at det kunne gje ein effekt om ein arbeidde etter ein slik modell. Etter det eg skjøna var det særleg det administrative arbeidet som ville bli redusert.

Eg kunne ikkje anna enn å smile for meg sjølv der i bilen. I dag las eg om demonstrasjonstoget som folk i Arendal planlegg å ha midt i oktober for sjukehuset som ligg 40 minutts køyring frå Kristiansand sjukehus. Ein er komen lenger i samarbeidstenking ute i distrikta, verkar det som.

Sant å seie verka det som kommunelegane har snakka saman om å vere fornuftig. Ingen vil få mindre legeteneste, men samarbeid over kommunegrensene vil gjere tenesta meir slagkraftig, tenkte eg meg. Så for meg må dei bare snakke vidare og etter kvart kome med eit framlegg til ny ordning. Legekontoret er ein viktig del av grunnlaget for at folk bur her langt frå sjukehuset, og ei best mogleg teneste både i Valle og Bykle bør vere høgt prioritert.