Ny veg og ikkje fullt så pjusk

Share

Sanneleg var det ikkje ny veg då eg kom på toppen av bakken sør for Granheim i dag. Borte var lysreguleringa som har vore der den siste tida, i staden svinga vi inn på nylagt fast dekke og rullea trygt og greitt forbi Heggland og vegkrysset til Austad kyrkje og ut på den parsellen som var ferdig for ei tid tilbake. Det kunne ein merke monaleg og det gjorde at eg tenkte tilbake på det grøne lyset i bommen på Besteland med glede. Vi får ny veg for pengane.

Eg veit ikkje om det var utsiktene til å kome heim til Reidun sine kjøtgryter og omsorg eller noko anna som gjorde utslaget, men etter å ikkje å ha orka å skrive på bloggen i går, men heller ha teke ein tidleg kveld og sove store deler av torsdagskvelden, var stoda mykje betre fredag morgon. Så då skulen var slutt, var det bare å setje kursen mot sør og nyte turen. Enno ikkje heilt god, men mykje mykje betre.

Og no samlar eg på gamle Setesdølen for å sjå om eg etter kvart kan skrive inn fleire aviser inn på Setesdalswiki. Det blir nok prioritert ei tid framover, i tillegg til å planlegge sending i Valle Radio. Neste veke startar det for hausten.

Eg snakka med Ørnulf i går og han kunne fortelje at det har meldt seg fleire som kan tenke seg å vere teknikarar, så der vi hadde mangel i fjor, er det no ein mykje betre situasjon. Sjølvsagt må opplæring til, men det kjem etter kvart. Valle Radio er ikkje pjusk, men fullt oppegåande også komande sesongen. Så får det våge seg at vi ikkje fekk opptak frå den historiske opninga av Setesdal folkehøgskule på Åraksøyne sist sundag, folk var opptekne med gjeremål dei hadde planlagd i lang tid og fann ikkje høve til å snu på desse. Det må nok ein dugnadsradio leve med. Men det vert godt stoff i Valle Radio i haust likevel. Det skjer ganske mykje som vi kan rapportere frå.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *