Om kommunalkomité, kulturveke, korsang og litt til

Share

Kveldens sending starta med ein telefonprat med stortingsrepresentant Heikki Holmås frå SV. Han er leiar av stortinget sin kommunal og forvaltningskomité, som var på besøk i Valle i dag. Han fortalde om ein interessant dag, den hadde vore nyttig fordi komiteen denne gongen kom heilt til Valle og ikkje stoppa på Evje som i 2003. Dei hadde fått med seg mange nyttige innspel, alle fire ordførarane var med på turen, det var også fylkesvaraordføraren og fylkesmannen. Han var og imponert av det dei hadde fått sjå hos Hasla, der dei var på besøk ein snau time og fekk høyre om produksjon av sylv med dyre norske hender. Eg var så vidt innom då dei var der, og Ørnulf fortalde levande og interessant, og då dei reiste, varte det ikkje lenge før han var på plass i Valle Radio som hjelpeteknikar. Sjeldan har vel nokon teke teknikarjobben så fort som Liv-Gunn Viki.

Då telefonpraten med Heikki Holmås var slutt, kom Malmfrid Nyborg Homme og Inger Aamli i studio for å fortelje om Kulturveka i Valle 2010. Det gjorde dei på ein levande og interessant måte, og vi hadde også med oss Leif Kvinlog på telefonen frå Protestfestivalen i Kristiansand. Alle dei hadde vore med på Kulturveka i Valle opp gjennom åra. Inger avslutta med å fortelje at Folkeakademiet no vil gje stafettpinnen vidare, dei meiner at 10 år får vere nok i organisering av Kulturveka i Valle for deira del.

I Kommunen informerer var det Torunn Charlotte Nyberg Lund som kom frå kommunen. Ho fortalde om Rock i Brokke-arrangementet siste helga i august. Dette arrangementet har blitt ein stor suksess med mange som er med på seminara og som kjem på konsertane. Ho fortalde og om Setesdal syng ABBA, som skal starte no i haust og ha fire øvingshelger før framsyning tre helger i mars 2011. 60 personar er påmelde til å vere med i koret, i tillegg kjem eit stort band, så det blir eit svært arrangement. Øvingane skal vere både på Hovden, i Valle og på Evje, det skal framsyningane og vere. Framsyningar tre helger vil gje utøvarane gleda av å få framføre noko dei har øvd på, fleire gonger.

Her er lenke til oversyn over sendinga på Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20100915

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *