Takk for god hjelp

Share

I dag vil eg takke Jørund Georg, Bjørgulv T. og Britta Lise for god hjelp. Bjørgulv laga eit intervju med Gro Anita Homme laurdagskvelden etter Filosofikafeen på Valle Motell. Det var eit fint apropos til kulturveka som eg kunne sende heilt i starten av programmet i kveld. Så intervjua han Mari Klingen i Salmeklang sundagskvelden, det kunne eg bruke saman med plata deira i Songkveld-programmet, som handla om gruppa. Med slik god hjelp er det enkelt å lage tysdagskveldsprogramma, særleg når eg kunne ta reprise på opptaka han gjorde til sist tysdag, då det var Otra Kraft som markerte 50 år.

Eg spurde om det på bloggen for nokre dagar sidan, skal eg sende dei i reprise? Eg fekk svar frå Britta Lise, som meinte at det kunne eg gjere. Det var mange som kunne ha lyst til å høyre dette ein gong til, og sjølv meinte eg og det. Både Mork og Skomedal heldt gode innlegg.

Så blei det slik. Eg kunngjorde det både her og der, mellom anna skreiv eg om det på Facebook, slik at Gudrun Torill Rysstad kunne formidle det til folk på Brokke. Om dei ikkje gjekk for å høyre programmet om Sigbjørn Bernhoft Osa i kveld, så fekk dei altså høve til å høyre kåseria ein gong til.

Britta Lise fanga og opp programmet for i kveld på bloggen og la det ut på facebook. Eg gløymde å sende det til henne denne gongen, men ho fiksa det og fekk det på plass. Det er god hjelp, og det er godt å kunne samarbeide med slike gode hjelparar.

Sjølv opplevde eg sendinga svært triveleg i kveld. Jørund Georg har lagt opp ein ny måte for å kople seg opp til Bykle, og det var mykje enklare enn tidlegare, så det gjekk som ein leik å kome seg på lufta i kveld. Takk også til han.

Endeleg vil eg takke George Chittenden, som sende meg opptak frå Folkestone Church med fin orgelmusikk som eg brukte i sendinga i kveld. Eg chatta med han i går kveld og han skulle sjølv ha konsert i dag, så han kunne nok ikkje høyre på sendinga mi, men han ynskte meg lukke til og takka meg for at eg ville bruke musikken hans i sendinga. Med slike gode hjelparar er det ikkje vanskeleg å lage radio.

Eg snakka med ein wikipedia-kollega i kveld om engasjement. Då sa eg at ikke har så stort engasjement, han er sterkt oppteken av klimaspørsmål og andre viktige ting i livet. Så kom eg til å seie det same til ein annan wikifant seinare, då sa han at han trudde ikkje det var sant, for eg skriv på wikipedia, eg lagar radioprogram og no også Setesdalswiki. Då meinte han at eg nok var meir engasjert enn dei fleste. Eg måtte smile med meg sjølv, det er nok rett, det han sa, men det gjeld nok meir dei små og nære ting enn dei store og fjerne.

Eg er i godt selskap, takk til alle engasjerte menneske, og takk til deg som les bloggen min. Ta turen innom Setesdalswiki, der ser du programmet slik det var i kveld. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_28._september_2010

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *