Variert kveld

Share

Kvelden i går i Valle Radio var variert. Det kan du sjå på programmet for kvelden. Det ligg her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_21._september_2010 Eg nytta eit kåseri av Asbjørn Kvalbein i starten, no har han fått artikkel på Setesdalswiki, så du kan ta utgangspunkt i lenka eg gav deg og trykke på namnet hans og lese om han der. Nederst på sida om programmet ligg lenke til kåseriet hans hos Norea Mediemisjon.

Etter at Marianne Synnes Braset hadde hatt andakten Over ein open Bibel, vardet tid for Sangkveld. Spelista ligg på setesdalswiki, der kan du sjå at eg hadde eit noko variert program. I dag fekk eg tilbakemelding frå ein lyttar som fortalde at ho var spesielt takksam for Rock of Ages og Kom til den hvitmalte kirke.

Tilbakemelding er alltid triveleg å få. Men denne kvelden var det nok mange av lyttarane som pleier å høyre på sendinga som var i Brokke for å vere med på Open dag på Otra Kraft. Men ved dette høvet klarte vi å få til eit opptak, slik at dei som ikkje var der, likevel kunne få høyre det som vart sagt. Takk til Bjørgulv T. Berg som tok turen opp for å levere opptaket i radioen og dermed gje meg høve til å sende det, og til Kjetil Carolis Jore som stod for opptaket direkte gjennom miksebordet for lydanlegget. Ved deira innsats kunne folk som ikkje hadde høve til å vere der også få ta del i jubileet. Det var verd å høyre på både kraftverksdirektør Reidar Ove Mork, som har arbeidd der i 36 år, og Sigmund Skomedal, som har vore journalist i NRK og rapportert frå utbygginga i ein stor del av dei 50 åra som ligg bak. Ein slik gjennomgang syner noko av det som gjer at vi har levelege tilhøve i Øvre Setesdal. Det er ikkje lite pengar kraftverket har generert for bygdene her oppe, og pengane er blitt nytta til å byggje infrastruktur, særleg i Bykle, meinte Reidar Ove Mork, som sjølv bur i Bykle.

Eg er svært glad for at vi kunne sende dette mens det var ferskt, det var 175 personar der ute på den opne dagen, og dermed veit ein at det var eit emne som mange snakka om i dag. Då var det greitt at dei som ikkje hadde høve til å ta turen til kraftstasjonen, likevel kunne få oppleve litt av det som skjedde der. Dei måtte stå over setesdalssuppe og lefse, det kunne ikkje Valle Radio formidle til lyttarane. Men talane, dei fekk dei i alle fall.

Eg var vel nøgd då eg gjekk heim i går. Resten av programmet får eg skrive om i morgon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *