Veke 44 2010

Share

Her er programmet for radioen komande veke:

Tysdag 2. november

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld med Siri Johannessen
19:30 Djupt gjennom berg det hjalar. Dikt av Hallvard Eldhuset og andre
20:00 Kyrkje og kristenliv
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 3. november

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Kåre Rike
Telefonvakter: Ingunn og Bitte

18:00 Aktuell time
19:00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19:30 Kommunen informerer ved Rune Ingebretsen
20:00 Musikk i utval ved Ånund K.
20:30 Diamantar. Øyvind Jacob i samtale med elevar ved Valle VGS
21:00 Opi sending ved Rolf Erik Homme

Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no/
Heimeside: http://www.valleradio.com/
Fylg Valle Radio på Facebook: http://www.facebook.com/#!/pages/Valle-Radio

Sangglede

Share

Gjennom åra eg har vore lærer i vaksenopplæringa har vi ofte prøvd å bruke sang som hjelpemiddel for å lære norsk. Av og til har vi dikta sangar sjølv, men etter at dei burmesiske flyktningane kom til Valle, har det blitt mindre av det, for dei syng på evangeliske melodiar som om klasseromet skulle vere Menighetshuset. Det er bare å finne fram songboka og kopiere opp gamle evangeliske sangar omsette frå engelsk, melodiane er minst like godt kjende mellom baptistar i Burma som mellom nordmenn i Norge.

Dei seinare åra har engelske evangeliske sangar fått stor utbreiing i Norge. Mange av dei har fått plass i salmebøkene og har vel og fortrengt tyske og danske salmer.

Ein slik sang er My Jesus, I love Thee, I know Thou art mine; Ein dag kom Øystein på skulen og nynna på den melodien, han hadde høyrt den på ein DVD med Gaither Vocal Band og då han kom på skulen, prøvde han å finne dei akkordane som var brukte der, Snart nynna nokre av elevane med, og då kom spørsmålet til meg: Kva heiter den på norsk?

Her er teksten på engelsk, henta frå http://www.cyberhymnal.org/htm/m/j/mjesusil.htm

My Jesus, I love Thee, I know Thou art mine;
For Thee all the follies of sin I resign.
My gracious Redeemer, my Savior art Thou;
If ever I loved Thee, my Jesus, ’tis now.

I love Thee because Thou has first loved me,
And purchased my pardon on Calvary’s tree.
I love Thee for wearing the thorns on Thy brow;
If ever I loved Thee, my Jesus, ’tis now.

I’ll love Thee in life, I will love Thee in death,
And praise Thee as long as Thou lendest me breath;
And say when the death dew lies cold on my brow,
If ever I loved Thee, my Jesus, ’tis now.

In mansions of glory and endless delight,
I’ll ever adore Thee in heaven so bright;
I’ll sing with the glittering crown on my brow;
If ever I loved Thee, my Jesus, ’tis now.

Eg hadde høyrt den, men det er ikkje alltid like lett å kome på tittelen på ein sang om du høyrer melodien. Eg song på den litt fram og tilbake og meinte den stod i Melodiboken, men dei eg prøvde på, var det ikkje, så eg gav opp og tok ein telefon til mor.

-Det er ein gamal sang, sa ho, men eg held på å steike pannekaker, så eg har ikkje tid til å å snakke med deg. Men eg skal nynne på den og om eg finn ut noko, så skal eg ringje tilbake.

Dermed måtte eg ta ein ny telefon, denne gongen til svogeren min. Han likar å sitje ved pianoet og då kjem det ofte salmer og sangar frå tangentane. -Eg har høyrt den, men kjem ikkje på kva han heiter. Du skal heller ringe til Jorunn, ho er ein kløppar på slikt. Ho hadde eit møte tidlegare i dag, men eg trur ho er ferdig med det, så du kan finne henne på kontoret hennar.

Dermed vart det ein telefon til organisten i Lyngdal. Ho trong bare ei kort strofe, så sa ho: -Det er Eg elskar deg Jesus. Då var det råd å finne salma som Trygve Bjerkrheim omsette frå engelsk. Her er den norske teksten:

Eg elskar deg, Jesus, eg veit du er min,
for di skuld eg flyr frå den dårande synd.
Min dyre forsonar, min frelsarmann god
har kjær du meg vore, meir kjær er du no

Ja, deg vil eg elska i liv og død,
når morgonen gryr, og i solfallets glød
og kviskra når døds-doggi isnar mitt blod:
Har kjær du meg vore, meir kjær er du no

I landet der livet og lovsongen rår
eg glad skal deg æra i ævelivs år.
Då syng eg i sæla og paradis-ro:
Har kjær du meg vore, meir kjær er du no

Fire vers på engelsk er blitt til tre vers på norsk.

Djupt gjennom berg det hjalar

Share

Hallvard Eldhuset si bok med ovanståande tittel kom i går, og Ånund K. Homme var innom med eit eksemplar til meg. Eg trur eg vil lage eit diktprogram i Valle Radio til tysdag, det er mange fine dikt i boka hans. Om eg blandar det med musikk og dikt av andre, så trur eg det kan bli eit triveleg program.

Dikta er ordna etter innhald slik at dikt med tema som er i slekt, står saman. Gard og dal, høgtider, årstider, dagsens tider, songar, tru og von og spesielle dikt er namnet på desse bolkane.

Hallvard Eldhuset var lærar i Bygland. Han levde frå 1914 til 1976 og hadde gard i Åraksbø, men det var kanskje helst kona Birgit som dreiv garden, for Hallvard var mykje på farten, engasjert i politiske og kulturelle oppgåver. Han var engasjert i lagsarbeid innan kyrkja, særleg sundagsskulen. Han var og aktiv i målsak og fråhaldsarbeid. Han hadde store gåver som skribent og skreiv for Fædrelandsvennen og fleire andre blad. Då Setesdølen starta, skreiv han andaktane der. I tillegg til all prosa skreiv han altså og dikt, både prologar til større samlingar og små dikt. Fleire av dei kom på trykk i aviser og blad. Ved bpla Djupt gjennom berg det hjalar er nokre av dikta samla for ettertida. Ånund K. Homme har gjort ein god jobb i utvelging av det som skulle vere med i boka. Han har hatt hjelp av Knut K. Homme, sjølv fekk eg vere med i arbeidet med å samle dikta i dei ulike blokane eg nemnde over.

I vår rastlause og flimrande verd kan det vere vanskeleg å setje seg ned og få ro nok i sinnet til å lese eit dikt og ta det inn over seg. Ofte vil det vere song som kan bere eit dikt fram til oss. Ei slik oppleving hadde eg i dag. Men eg trur eg ventar med å fortelje om den til i morgon.

Her kan du lese om Hallvard Eldhuset på Setesdalswiki:
http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Hallvard_Eldhuset

Filosofikafé

Share

I kveld var det Filosofikafé på Sylvgarden. Harald Olsen, som underviser og forskar ved Universitetet i Agder hadde fått temaet Religionsdialog i ei konfliktfylt tid. Han tok særleg for seg religionsdialog mellom kristendom, jødedom og islam og synte at slik dialog nyttar. Eit av eksempla han nytta var relatert til karikaturstriden, karikaturane av Muhammed som var publiserte i Jyllandsposten i Danmark og seinare i ei norsk avis. Olsen meinte at det skuldast ein langvarig religionsdialog at konsekvensane i Norge vart så annleis enn i Danmark.

I foredraget var han innom Karl Ludvig Reichelt (1887-1952), misjonæren frå Arendal som stifta Den Nordiske Kristne Buddhistmisjon, det som i dag heiter Stiftelsen Areopagos og som driv dialogsenteret Tao Fong Shan i Hong Kong, der dialogen med buddhistar er så viktig.

Enet var ikkje enkelt. Ofte kan ein skulde på religionen, men årsakene til konflikt kan vere heilt andre. Konflikten i Nord-Irland er kanskje meir eit resultat av ei hardhendt engelsk kolonisering enn av ulik religion. Og slik kan det vere mange stader.

Olsen meinte at det er mystikarar i alle dei tre religionane, og at mystikarane ofte har stått i motsetning til presteskapet, som ikkje har vore glade for dialog. Det er skrive ei doktorgrad om ein islamsk mystikar som vart myrda for sitt dialogarbeid, så dialog kan koste dyrt for dei som går inn i det. Ofte vil dei få preg av den religionen dei er i dialog med, som Reichelt i Hong Kong. Han starta som misjonær for Det Norske Misjonsselskap, men dei aksepterte ikkje den forma arbeidet hans fekk, der han mellom anna tok inn buddhistiske element i liturgien, så han mista jobben i NMS og måtte etablere sin eigen organisasjon. Olsen nemnde og ein kommunitet i Syria, litt nord for Damaskus, der ein har bygd opp eit kloster som låg i ruinar. Her feirar dei ramadan og id, akkurat som i det muslimske samfunnet rundt dei.

Etter foredraget var det høve til spørsmål og kommentarar. Då kom det mellom anna spørsmål om problematikken med eigne skular for ulike religionar. Olsen meinte det var betre med ein felles skule, og så kunne religionsopplæringa skje fristilt frå den vanlege skulen. Han meinte og at dialogen eigentleg startar på det kvardagslege planet, der ein møter og har fellesskap med folk frå andre religionar.

Steinar Kyrvestad bytter plass

Share

Starten på kommunestyremøtet i kveld vart litt annleis enn vanleg, for då møtet skulle setjast etter ei orientering om Setesdal Regionråd sitt arbeid i 2011 og ei drøfting av dette, bad Steinar Kyrvestad om ordet. Han fortalde då at han, som alle sikkert visste, hadde meldt seg ut av Senterpartiet og inn i Arbeiderpartiet. Av det fylgde at han ville bytte plass. Det høvde seg slik at Pål Dale, som er blitt varaordførar, etterlet seg ein ledig stol like ved Arbeiderpartiet sine plassar, og då tenkte Steinar at han kunne ta den og dermed marker overgangen.

Han kunne og fortelje at det var ikkje noko å finne i lovverket om slike tilhøve, så ein fekk prøve å bruke sunt skjønn. Det var Bjørgulv Sverdrup Lund samd med han i, spørsmålet hadde og vore undersøkt av administrasjonen, som hadde kome til same konklusjon.

Eg var ikkje til stades i salen, eg høyrde møtet på Valle Radio. Men det fekk meg til å tenkje at om han ikkje seier frå seg plassen som Senterpartiet sin representant i formannskapet, vil Arbeiderpartiet ha både Liv Tanche Larsen og Steinar Kyrvestad i formannskapet framover. Det må vel i så fall vere fyrste gongen sidan partisystemet vart etablert at Senterpartiet i Valle ikkje har folk i formannskapet.

Men det var ikkje bare denne sensasjonen i kommunestyret i Valle denne kvelden. Etter den drøftinga om Setesdal Regionråd sin handlingsplan, kom tre personar fram for å rapportere frå gruppene. Pål Dale var fyrste mann ut, og han gjekk rett på sak. Etter gruppas og hans meining var det noe etter kvart blitt så mange samarbeidsorgan at ein kan hende like godt kunne slå saman kommunane øvst i Setesdal. Bykle og Valle burde slå seg saman til ein kommune.

Eg fekk ikkje med meg om Pål meinte at det burde skje i 2011, som var den perioden dei diskuterte spesielt. Men om så skulle sje, ville det bli ganske store endringar øvst i Setesdal. Den som lever, får sjå.

Eit referat frå kveldens møte kan du finne på Setesdalswiki. Siste saka var ikkje sendt ut på førehand, så vedtaket der får eg skrive inn når eg får det frå sekretæren. Det er og eitt og anna som må fiksast i vedtaka, men det vil kome etter kvart. Lenka til Setesdalswiki er http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101027

Takk til Jørund, Siri, Niklos, Else Gyro og Britta Lise

Share

Tysdag 26. oktober vart ein dag der sendinga kom i mål takka vere gode hjelparar. Fyrst var det Jørund Georg som kom støttande til då eg ikkje fekk kopla opp. Han svinga innom og på få minuttar hadde han fått forbindelsen med Bykle som eg ikkje klarte å etablere.

Dermed kunne eg lese programmet for kvelden, det skreiv eg på bloggen i går. Etter at Anne Karin Kaasa hadde sunge Hjemme i himlen kunne vi høyre andakten av Rita Aasen, pottemakaren og forkynnaren frå Søgne.

Så kom Siri Johannessen i studio. Ho har vore med i Valle Radio fleire gonger, både på telefon og i studio. Ein gong tidlegare fekk eg henne til å fortelje om lokalhistoriewiki, denne gongen fann ho songar til sangkvelden. Du kan sjå spelelista på http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_26._oktober_2010 Det var eit utval av songar som var gjenhøyr med songar eg knapt kan hugse at eg hadde høyrt. Vi prata om songane, ikkje så mykje historikk som tematikk, og det vart ein triveleg time.

Ut over kvelden prøvde eg å få tak i Else Gyro Rysstad, men ho var på øving til Hovdenrevyen 2010, så ho svara ikkje direkte. Men i ein pause i øvinga kom det ein telefon tilbake og vi fekk gjort ein avtale. Ettersom eg var på lufta då telefonen kom, måtte eg overlate til Niklos å introdusere musikken sjølv medan eg snakka med henne. Om du høyrde på sendinga, fekk du sikkert med deg telefonen som plutseleg gav lyd frå seg.

Niklos hadde funne musikk frå fransk og engelsk romantikk, det var marsjar og prosesjonsmusikk. Spelelista for dette programmet kom og på Setesdalswiki. Han finn variert og flott musikk og set han saman på ein god måte, men denne gongen hadde han ikkje vokalmusikk, det er uvanleg.

Til slutt var det Else Gyro Rysstad, hylstringen som har blitt bufast på Hovden og primus motor for Hovdenrevyen som skal gå av stabelen fredag og laurdag denne veka og neste veke. Vi fekk eit ekte brøl frå 22 skodespelarar og orkesteret rett på lufta i Valle Radio.

Men kor er Britta Lise i denne samanhengen? Ho kom innom i full fart og tok bilete til Facebooksida av Siri, som vi ikkje hadde bilete av frå før. Du kan sjå det på http://www.valleradio.com om du ikkje har konto på Facebook. Med det var alle gode hjelparar denne kvelden takka og då høver det godt å seie god natt og takk for i kveld.

Program for veke 43-2010

Share

Tysdag 26. oktober
Ansvarleg: Harald Haugland

Program
18;00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel Andaktshaldar: Rita Aasen
18:30 Sangkveld med Siri Johannessen
19:30 Nytt frå kyrkje og kristenliv
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland: Fransk og engelsk kyrkjemusikk frå romantikken
21:00 Kyrkjebakken
Hentet fra http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_26._oktober_2010

Onsdag 27. oktober
Teknikar: Torhild Sandnes

Program
18:00 Kommunestyremøte

Les meir på Setesdalswiki

Helgepause

Share

Eg hadde visst helgepause, for blogginga mi gjekk fløyten både fredag kveld og laurdag kveld. Denne helga hadde vi besøk heime, noko av grunnen ligg kanskje der, for hovudet var fullt av mange ting som sette bloggskrivinga i bakgrunnen.

Ein helgepause kan vere god å ta med seg, helga er jo ein pause frå kvardagen. Eg var heldig og reiste nedover torsdagen, det var jo skulefri fredag. Og heldigvis kom eg meg av garde så tidleg at eg unngjekk snøveret, eg merka ikkje noko til alle problema som eg høyrde om i radioen.

Fredag fekk eg meg ein tur på verkstaden for å fikse noko på bilen. Deretter svinga eg innom frisørsalongen for å fikse på topplokket, det var blitt noko langt etter kvart. Ein kurdar frå Mosul med to år og fem månader i Noreg bak seg, dei fyrste to åra på Nesna, gjorde ein grundig jobb og snaua meg ganske kort. Men eg gløymde å få med meg lue oppover, så eg vonar det ikkje blir så veldig kaldt komande veke.

Turen oppover gjekk tidleg sundag, for Helge, som var heime på haustferie, skulle ta toget 17:17 frå Kristiansand. Deretter bar det frå hav til hei langs riksveg 9. Og sanneleg var bensinen billegare på Hornnes enn i byen, 11,70 hos Esso let seg høyre, det var mest ei krone billegare enn i Kristiansand. Men kaffekopp og vaffel hos YX på Evje, det høyrer med på turen.

Så er det sjølve Setesdal igjen. Turen gjekk i svinnande ljos og viste ein måne av sjeldan kvalitet over Austheia. Eg reknar med at mange prøvde å ta bilete i måneljoset i kveld, det vart truleg nokre fine motiv. Men bloggen min er utan bilete, så eg stoppa ikkje for å fange Setesdal i måneljos.

Og så lyste brøytestikkene langs vegen etter kvart. Dei er gode til å seie noko om retning og plass. Eg fekk ei påminning om Salmenes bok, der det står noko om lykt for foten og ljos for stien. Sal 119,105 Nokre gonger slår slike bibelord inn i tanken, det er eit gode å ha memorert dei ein gong i ungdommen, då kan dei kome til tanken ein sundagskveld i Setesdal.

Lett grilling

Share

Toralv Andersen vart bare lett grilla av Ørnulf Hasla i Valle Radio i går kveld. Ørnulf lurte på om nominasjonen i Arbeidarpartiet alt var ferdig, det kunne sjå slik ut frå avisene. Men Toralf meinte at det var Ole Birger som hadde spurt Steinar Kyrvestad om han var ordførarkandidat for Arbeidarpartiet. Så lenge styret i partiet ikkje hadde gjort det, men bare registrert at han var viljug til å vere det, så fekk ein vente på å sjå kva som kom ut av nominasjonsprosessen.

Det tyder på at prosessen er i gang og det gjeld vel fleire av partia. Det har vel vore innspel som tyder på at Venstre vil stille liste i Valle ved komande kommuneval. Om nokon av dei som no sit i kommunestyret melder overgang til Venstre, er vel ikkje så sikkert. Men når det kjem inn eit nytt parti, vil balansen lett kunne endrast, så det kan verte interessant å fylgje med. Etter det eg veit har det ikkje lukkast Framstegspartiet å få i gang noko partilag i Valle enno, men om dei kjem på banen, kan det verta fleire endringar. Når ein i tillegg veit at kommunestyret har vedteke å redusere talet på kommunestyrerepresentantar frå noverande 21 til 15 etter valet, ser ein at kampen om taburettane nok vil verte heilt annleis denne gongen enn tidlegare.

Eg er samd med Ørnulf Hasla i at Valle Radio ikkje skal vere ein radio der revolverintervju er det vanlege. Ein sivilisert samtale om aktuelle spørsmål er meir interessant for både dei som er bak mikrofonen og dei som høyrer på. Eg fekk ikkje med meg heile intervjuet, eg fekk på radioen litt for seint, men eg trur ikkje dei gjekk inn på korleis nominasjonsprosessen er i Valle Arbeiderparti. Er det styret som er nominasjonskomite, eller er det ein eigen komite som legg fram listeforslag til nominasjonsmøtet? Er komiteen nedsett og i arbeid, eller var dette bare lause tankar før arbeidet skal starte. Slike spørsmål fekk ein ikkje heilt klart fram.

Det kan verte høve til å få svar på slike spørsmål ein annan gong. Uansett meiner eg at lett grilling er betre enn forkulling. Og seninga i går var interessant og perspektivrik.

Auksjon og meir til

Share

I kveld tok eg turen ned i Valle Radio for å kjenne stemninga på pulsen. Programmet denne kvelden var slik:

Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Inga Flateland og Kåre Rike
Telefonvakter: Gurdun Nomeland og Jorunn Lund Harstad

18.00 Aktuell time ved Ørnulf
Samtale med Toralv Andersen frå Valle AP som er i studio og fortel om nominasjonsprosseen.
Vi besøker Bergtun/Bleieboden
Samtale med Geir Wehus i Kreftforeningen
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif Harstad
19.30-20.00 Kommunen informerer ved Merethe Mykland Johansen
Om aktuelle hendingar i Valle kommune
Info om innsamlinga til Flyktningehjelpen
Kommunen ordnar no for å kunne legge ut flyfoto frå Valle og Hylestad
20.00 Opninga av Setesdal folkehøgskule. Opptak laga av Kjetil Carolis Jore
21.00 Open sending ved Britta Lise Homme og Ørnulf Hasla

Eg kom dit ved halv ni-tida og det var ein triveleg stemning i salongen, der Jorunn hadde ordna med mat. Kåre, Inga og Gudrun var saman med henne, og like etter kom Britta Lise og Ørnulf for å gjere klar til Open sending.

Og snart var dei på lufta med rebusar og telefonar. Det kom bod på biletet frå Toril Dale, no er bodet 3000 kroner. Dei snakka og med Anna Stella Karlsdotter og Leonhard Jansen. Dei var på tur til Minneapolis, i morgon skulle dei reise tilbake til Norge etter ei veke på farten i USA. Dei var oppglødde og hadde mykje å fortelje, og dei lova å kome i radioen og berette frå turen når det høvde.

Tema for rebusane var syslar i den aktuelle tidsperioden, så sauesanking, bjørkeved, Nupen og fleire andre aktuelle tema var gjenstand for samtale mellom programleiarane og dei som ringde inn. Denne kvelden var det nok likevel noko langt mellom telefonane. Men stemningen i radioen var triveleg. På Facebooksida vart det lagt ut bilete frå kvelden. http://www.facebook.com/#!/pages/Valle-Radio/315158359845

Du kan finne meir stoff om sendinga på Setesdalswiki http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101020

Men det stoppa visst med bod på Nupens måleri. I alle fall kom det ikkje fleire før eg var ferdig med dette innlegget på bloggen.