Å lage ei sending

Share

I kveld har eg site i radioen og planlagt sendinga i morgon. Ofte går det av seg sjølv å få til ei sending, andre gonger tek det litt tid. Det som er enklast, er når Niklos skal ha Postludium. I dag tidleg fekk eg ein telefon om at han hadde funne fram musikk av Alexandre Guilmant, og den delen av sendinga er dermed i boks.

Men alt det som er før, det treng planlegging. Tysdagssendinga har eit kyrkjeleg preg, så etter Kvarteret kjem Over ein open Bibel. Denne gongen, som sist gong, er det Rita Aasen, som har andakten. Ho er kjent i Valle, så eg vonar mange nyttar høvet til å høyre henne.

Mindre kjent er ikkje Ånund Lund. I haust kom han med CD-plate, den har vi ikkje spelt frå i Valle Radio enno. Så timen frå halv sju til halv åtte vert det Blanda drops med Ånund Lund.

Men så kjem Nytt frå Kyrkje- og kristenliv. Den timen kan eg bruke på mange måtar, om det er noko spennande frå Bykle og Valle, så vil det har fortrinsrett. Men når det ikkje er noko slikt, så finn eg noko frå Nytt Liv Media i Stavanger. Dei legg ut ein del av programma sine, og eg lastar ned det eg finn høveleg og sender det ut til Bykle og Valle.

Men eg likar å ha litt lange program, dei likar å ha innslag som er maks fem minutt. Det er ikkje alltid slikt treffer. Men eg fann ein sak som eg trur kan opne augo for nokon kvar: AHA hadde no i oktober to konsertar til inntekt for Mercy Ships. Det var den eine. Du finn meir om det her: http://www.nyttlivmedia.no/page.php?mtid=1&elid=1015
Eg fekk eit problem då eg ville gå til heimesida til Mercy Ships. Valle kommune har blokkert det området, filteret melder at det er ei pornoside. Det tvilar eg på, eg trur nok filteret har fått feil informasjon denne gongen.

Ingve Gilje i Nytt Liv Media har også hatt eit innslag om Mercy Ships tidlegare. Det finn du her: http://www.nyttlivmedia.no/page.php?mtid=1&elid=947

Så får vi sjå kva meir som kjem i sendinga i morgon kveld. Takk for at du les bloggen og høyrer på Valle Radio.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *