Djupt gjennom berg det hjalar

Share

Hallvard Eldhuset si bok med ovanståande tittel kom i går, og Ånund K. Homme var innom med eit eksemplar til meg. Eg trur eg vil lage eit diktprogram i Valle Radio til tysdag, det er mange fine dikt i boka hans. Om eg blandar det med musikk og dikt av andre, så trur eg det kan bli eit triveleg program.

Dikta er ordna etter innhald slik at dikt med tema som er i slekt, står saman. Gard og dal, høgtider, årstider, dagsens tider, songar, tru og von og spesielle dikt er namnet på desse bolkane.

Hallvard Eldhuset var lærar i Bygland. Han levde frå 1914 til 1976 og hadde gard i Åraksbø, men det var kanskje helst kona Birgit som dreiv garden, for Hallvard var mykje på farten, engasjert i politiske og kulturelle oppgåver. Han var engasjert i lagsarbeid innan kyrkja, særleg sundagsskulen. Han var og aktiv i målsak og fråhaldsarbeid. Han hadde store gåver som skribent og skreiv for Fædrelandsvennen og fleire andre blad. Då Setesdølen starta, skreiv han andaktane der. I tillegg til all prosa skreiv han altså og dikt, både prologar til større samlingar og små dikt. Fleire av dei kom på trykk i aviser og blad. Ved bpla Djupt gjennom berg det hjalar er nokre av dikta samla for ettertida. Ånund K. Homme har gjort ein god jobb i utvelging av det som skulle vere med i boka. Han har hatt hjelp av Knut K. Homme, sjølv fekk eg vere med i arbeidet med å samle dikta i dei ulike blokane eg nemnde over.

I vår rastlause og flimrande verd kan det vere vanskeleg å setje seg ned og få ro nok i sinnet til å lese eit dikt og ta det inn over seg. Ofte vil det vere song som kan bere eit dikt fram til oss. Ei slik oppleving hadde eg i dag. Men eg trur eg ventar med å fortelje om den til i morgon.

Her kan du lese om Hallvard Eldhuset på Setesdalswiki:
http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Hallvard_Eldhuset

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *