Filosofikafé

Share

I kveld var det Filosofikafé på Sylvgarden. Harald Olsen, som underviser og forskar ved Universitetet i Agder hadde fått temaet Religionsdialog i ei konfliktfylt tid. Han tok særleg for seg religionsdialog mellom kristendom, jødedom og islam og synte at slik dialog nyttar. Eit av eksempla han nytta var relatert til karikaturstriden, karikaturane av Muhammed som var publiserte i Jyllandsposten i Danmark og seinare i ei norsk avis. Olsen meinte at det skuldast ein langvarig religionsdialog at konsekvensane i Norge vart så annleis enn i Danmark.

I foredraget var han innom Karl Ludvig Reichelt (1887-1952), misjonæren frå Arendal som stifta Den Nordiske Kristne Buddhistmisjon, det som i dag heiter Stiftelsen Areopagos og som driv dialogsenteret Tao Fong Shan i Hong Kong, der dialogen med buddhistar er så viktig.

Enet var ikkje enkelt. Ofte kan ein skulde på religionen, men årsakene til konflikt kan vere heilt andre. Konflikten i Nord-Irland er kanskje meir eit resultat av ei hardhendt engelsk kolonisering enn av ulik religion. Og slik kan det vere mange stader.

Olsen meinte at det er mystikarar i alle dei tre religionane, og at mystikarane ofte har stått i motsetning til presteskapet, som ikkje har vore glade for dialog. Det er skrive ei doktorgrad om ein islamsk mystikar som vart myrda for sitt dialogarbeid, så dialog kan koste dyrt for dei som går inn i det. Ofte vil dei få preg av den religionen dei er i dialog med, som Reichelt i Hong Kong. Han starta som misjonær for Det Norske Misjonsselskap, men dei aksepterte ikkje den forma arbeidet hans fekk, der han mellom anna tok inn buddhistiske element i liturgien, så han mista jobben i NMS og måtte etablere sin eigen organisasjon. Olsen nemnde og ein kommunitet i Syria, litt nord for Damaskus, der ein har bygd opp eit kloster som låg i ruinar. Her feirar dei ramadan og id, akkurat som i det muslimske samfunnet rundt dei.

Etter foredraget var det høve til spørsmål og kommentarar. Då kom det mellom anna spørsmål om problematikken med eigne skular for ulike religionar. Olsen meinte det var betre med ein felles skule, og så kunne religionsopplæringa skje fristilt frå den vanlege skulen. Han meinte og at dialogen eigentleg startar på det kvardagslege planet, der ein møter og har fellesskap med folk frå andre religionar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *