Helgepause

Share

Eg hadde visst helgepause, for blogginga mi gjekk fløyten både fredag kveld og laurdag kveld. Denne helga hadde vi besøk heime, noko av grunnen ligg kanskje der, for hovudet var fullt av mange ting som sette bloggskrivinga i bakgrunnen.

Ein helgepause kan vere god å ta med seg, helga er jo ein pause frå kvardagen. Eg var heldig og reiste nedover torsdagen, det var jo skulefri fredag. Og heldigvis kom eg meg av garde så tidleg at eg unngjekk snøveret, eg merka ikkje noko til alle problema som eg høyrde om i radioen.

Fredag fekk eg meg ein tur på verkstaden for å fikse noko på bilen. Deretter svinga eg innom frisørsalongen for å fikse på topplokket, det var blitt noko langt etter kvart. Ein kurdar frå Mosul med to år og fem månader i Noreg bak seg, dei fyrste to åra på Nesna, gjorde ein grundig jobb og snaua meg ganske kort. Men eg gløymde å få med meg lue oppover, så eg vonar det ikkje blir så veldig kaldt komande veke.

Turen oppover gjekk tidleg sundag, for Helge, som var heime på haustferie, skulle ta toget 17:17 frå Kristiansand. Deretter bar det frå hav til hei langs riksveg 9. Og sanneleg var bensinen billegare på Hornnes enn i byen, 11,70 hos Esso let seg høyre, det var mest ei krone billegare enn i Kristiansand. Men kaffekopp og vaffel hos YX på Evje, det høyrer med på turen.

Så er det sjølve Setesdal igjen. Turen gjekk i svinnande ljos og viste ein måne av sjeldan kvalitet over Austheia. Eg reknar med at mange prøvde å ta bilete i måneljoset i kveld, det vart truleg nokre fine motiv. Men bloggen min er utan bilete, så eg stoppa ikkje for å fange Setesdal i måneljos.

Og så lyste brøytestikkene langs vegen etter kvart. Dei er gode til å seie noko om retning og plass. Eg fekk ei påminning om Salmenes bok, der det står noko om lykt for foten og ljos for stien. Sal 119,105 Nokre gonger slår slike bibelord inn i tanken, det er eit gode å ha memorert dei ein gong i ungdommen, då kan dei kome til tanken ein sundagskveld i Setesdal.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *