Kirsten på Statsbudsjettet

Share

Meldinga om at Kirsten Bråten Berg er blitt statsstipendiat vart motteken med overrasking av henne sjølv då ho var til stades på eit arrangement på Riksscenen då kulturbudsjettet for 2011 skulle presenterast. Kirsten skulle kvede saman med Annbjørg Lien og Ole Bjørn Rasch, og overraskinga var stor då statsråd Anniken Huitfeldt fortalde om utnemninga. Men Setesdølen fortel at Annbjørg Lien kanskje ikkje var så overraska, ho hadde arbeidd i kulissene for å få til dette.

Kirsten har vore med i Valle Radio frå starten av, det er ennar stemme du høyrer i introen som syng “og dette er Valle Radio”. I eit hektisk program har ho ofte vore innom oss for å fortelje når ho hadde noko på hjarta. Best hugsar vi kvelden ho laga med innsamling til Sri Lanka etter tsunamien som øydela så mykje der. Eg fann ei melding om det på nettet, det var før eg hadde starta å skrive blogg:

“Kvedaren Kirsten Bråten Berg feira ein spesiell 55-årsdag då ho leia ei direktesending for lokalradioane i Setesdal frå «Store Studio» i Valle kommunestyresal. Sendinga var ei innsamling til flomofra på Sri Lanka. Initiativet vart tatt fordi ein lege frå Sri Lanka som til dagleg driv ein helseklinikk i heimlandet tilfeldigvis var i Valle då flombølgja inntraff i romjula. Saman med Kim André Rysstad, Sigrid Jore, spelemannslaget Knut Heddis minne, Margrete Nordmoen, Tor Hoslemo og fleire visesongarar heldt Kirsten Bråten Berg ei direktesending med loddtrekking og pengegåver, der dei mellom anna kvad stev om fleire av gåvegjevarane. Då sendinga var over, var det samla inn 238 000 kroner som Strømmestiftelsen skal rå over i hjelpearbeidet på Sri Lanka. ” http://www2.nfd.no/nfd/index.html Lenka går til Norsk Folkemusikk- og Danselag, du må nedover til 11. januar 2005

No får ho fast løn og vert med i Statens Pensjonskasse. -No vil eg bare jobbe med musikk, var hennar fyrste reaksjon då ho fekk vite om utnemninga. Vi får vona at sylvsmeden ikkje heilt forsvinn, det kom nokså fort ein kommentar som lurte på kor dei no skulle få sylvet sitt frå.

Valle Radio sender dei varmaste gratulasjonar i høve utnemninga.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *