Krypsivfjerning på Statsbudsjettet

Share

Eg har skrive om krypsiv på bloggen før. Siste gong var visst i 2007, mykje vatn har runne gjennom Otra sidan den gongen. Eit av innlegga mine om krypsiv kan du lese her: http://valleradio.blogs.no/2005/11/02/krypsiv_i_otra~279534/

No kom det 3 millionar på statsbudsjettet for 2011 til å fjerne krypsiv på Sørlandet med. Det var ei gladmelding, kunne vi lese i Setesdølen tysdag 5. oktober. Redaktør Sigurd Haugsgjerd hadde skrive leiar om emnet. Også i Lindesnes skriv dei om dei same millionane. Mandalselva er prega av krypsiv, i alle fall for den delen av elva som renn gjennom Marnardal kommune, så ordførar Helge Sandåker er glad for krypsivmillionar. Der får vi også vite at SVs Alf Holmelid har stått på for å få på plass desse pengane, det er fyrste gongen staten bevilgar pengar til kampen mot krypsivet, som veks så godt i næringsfattige vassdrag at det legg eit teppe av siv over store deler av vassflata. Dette graset stoppar lausmassar som kjem med vatnet, slik at det søkk til botnar og fyller opp fin grusbotn med mudder. Korkje fisk eller fiskarar likar dette, gyteplassar for laksen vert til mudderbotn, og propellen stoppar i alt graset i vatnet.

Ein har meint at det var reguleringa av elvene som var årsaken til framveksten av krypsiv. Difor vart det laga eit fond på 21 millionar kroner til kampen mot krypsiv i Otra då konsesjonen for å drive kraftverk vart fornya. Rentene i av fondet skal brukast i kampen mot plagene, men det har på ingen måte vore nok til å fjerne problemet.

Framleis veit ein ikkje kva som er årsaka til at krypsiv, som til vanleg er ein liten plante i vasskanten, har fått slik ein veldig vekst i vassdraga på Sørlandet. Men det har vore eit forsøk i Øvre og Nedre Lundetjenn i Grimstad som tyder på at krypsiv trivst i næringsfattig vatn. I det forsøket vart vatnet tilsett fosfor og då kom krypsivet bort. Fosfor vart tilsett i tre år, fjerde året var krypsivet borte. Du kan lese meir om det i pdf-rapporten her: www.niva.no/symfoni/RappArkiv3.nsf/URL/…/$FILE/4881_72dpi.pdf

Då eg las rapporten, tenkte eg at ein ting er å tilsetje fosfor i ei tjenn, noko anna er å ha det i Otra, det skal nok ein del meir til å fjerne det i dei vassmengdene som vi har i Setesdal. Men mekanisk rensing er jo bare kortvarig, etter nokre år er det like ille, så det hadde jo vore tenleg om ein kunne finne botemiddel som fjerna den store veksten som er øydeleggjande både for næringsbruk av elva og for badelig og andre fritidsaktivitetar.

At det no er kome på Statsbudsjettet 2011 er i alle fall eit gode. Så får vi vone at det kjem meir pengar i åra som kjem og at ein kan få bukt med den plaga som dette graset er blitt i vassdraga.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *