Kulturveka slutt – haustferie starta

Share

Så er kulturveka slutt for i år. Sprekleiken måtte avlysast, veret vart slik at det ikkje ville vere triveleg å halde på, etter det eg skjøna. Sauesjået var vel heller ikkje velsigna med det mest tenlege veret, etter det eg forstod frå sendinga i går hadde dei si fulle hyre med å få gjennomføre programmet, Om det var difor Valle bygdekvinnelag flytta tilbake til Menighetshuset med basaren sin, veit eg ikkje, det hadde nok ikkje vore heilt enkelt å ha basar i eit telt med regnet og vinden.

Men det meste av programmet vart gjennomført etter planen. Så langt eg har forstått, må ein kunne seie at det var vellukka. Sjølv fekk eg vere på to arrangement, konserten med SalmeKlang og filmkvelden med Paal-Helge Haugen-filmen Dolkaren. Dei streva litt før visninga av filmen gjekk seg til, men det var verd å vente på den filmen. Framleis kjem bilete og tema frå filmen for meg.

Av andre arrangement kan ein nemne filosofikafeen på Valle Motell, der kom det langt fleire folk enn ein skulle tru var mogleg å samle til samtale om Empati og Den gyldne regel. I intervjuet som Bjørgulv T. Berg hadde laga for tysdagssendinga i Valle Radio, fekk ein problematisert temaet ganske kort, det gav og grunn til ettertanke.

Så har det vore spitekafe og eventyrkveld i skogen, konsertforedrag om Sigbjørn Bernhoft Osa og barnekonsert med Syngjandi. Alt har medverka til å gi gode opplevingar for dei som fekk dei med seg, og konsert med Kirsten Bråten Berg i Valle kyrkje, så vel som Syng deg glad-kveld i Frikyrkja med Sigrid Jore og Birgit Anette Helle, dei siste arrangementa måtte og slåst med dårleg ver, men gav sikkert fine opplevingar kvar på sitt vis.

Vel blåst til komiteen som stod bak Kulturveka 2010. No vert det spanande å sjå kven som stiller opp for å arrangere neste år, ettersom Folkeakademiet ikkje lenger vil ha ansvaret. Eg vonar at nokon vil arrangere, det er ei stort gode for alle i Valle kommune at ein har ei slik veke.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *