Lett grilling

Share

Toralv Andersen vart bare lett grilla av Ørnulf Hasla i Valle Radio i går kveld. Ørnulf lurte på om nominasjonen i Arbeidarpartiet alt var ferdig, det kunne sjå slik ut frå avisene. Men Toralf meinte at det var Ole Birger som hadde spurt Steinar Kyrvestad om han var ordførarkandidat for Arbeidarpartiet. Så lenge styret i partiet ikkje hadde gjort det, men bare registrert at han var viljug til å vere det, så fekk ein vente på å sjå kva som kom ut av nominasjonsprosessen.

Det tyder på at prosessen er i gang og det gjeld vel fleire av partia. Det har vel vore innspel som tyder på at Venstre vil stille liste i Valle ved komande kommuneval. Om nokon av dei som no sit i kommunestyret melder overgang til Venstre, er vel ikkje så sikkert. Men når det kjem inn eit nytt parti, vil balansen lett kunne endrast, så det kan verte interessant å fylgje med. Etter det eg veit har det ikkje lukkast Framstegspartiet å få i gang noko partilag i Valle enno, men om dei kjem på banen, kan det verta fleire endringar. Når ein i tillegg veit at kommunestyret har vedteke å redusere talet på kommunestyrerepresentantar frå noverande 21 til 15 etter valet, ser ein at kampen om taburettane nok vil verte heilt annleis denne gongen enn tidlegare.

Eg er samd med Ørnulf Hasla i at Valle Radio ikkje skal vere ein radio der revolverintervju er det vanlege. Ein sivilisert samtale om aktuelle spørsmål er meir interessant for både dei som er bak mikrofonen og dei som høyrer på. Eg fekk ikkje med meg heile intervjuet, eg fekk på radioen litt for seint, men eg trur ikkje dei gjekk inn på korleis nominasjonsprosessen er i Valle Arbeiderparti. Er det styret som er nominasjonskomite, eller er det ein eigen komite som legg fram listeforslag til nominasjonsmøtet? Er komiteen nedsett og i arbeid, eller var dette bare lause tankar før arbeidet skal starte. Slike spørsmål fekk ein ikkje heilt klart fram.

Det kan verte høve til å få svar på slike spørsmål ein annan gong. Uansett meiner eg at lett grilling er betre enn forkulling. Og seninga i går var interessant og perspektivrik.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *