M. Kanne & Søn

Share

Tysdag var eg på Valle folkebibliotek. Det ligg i etasjen under Valle vaksenopplæring, der eg har min daglege gang som lærar, så det hender ganske ofte at eg stikk innom og pratar med Lisbeth Dalquist Homme, som er bibliotekar, ho er fødd i Trondheim på same dato i mai som Reidun vart fødd i Mandal, så eg hugsar som regel å gratulere henne med dagen.

I det eg skulle gå etter å ha sett i tysdagens Setesdølen kom eg til å sjå på dei nye bøkene, og der var Einar O. Risa: M. Kanne & Søn 1959-1970. Det er tredje bok i Kanne-kvartetten, og eg hadde lese dei to første før, dei handla om fotografen M. Kanne som kom frå Danmark og etablete seg i Stavanger på 1800-talet. Han hengde opp skiltet med M. Kanne & Søn før han var gift. Med tida fann han seg ei jente frå Sola, og etter kvart kom det fem born, men dei fire første var jenter, og det vart eldstejenta som arbeidde saman med faren i fotobutikken i starten, “det er jeg som er Søn”, sa ho i ein replikk i ei av dei tidlegare bøkene.

I denne tredje boka fylgjer vi Søren Kanne, M. Kannes yngste barn og einaste son, fødd 1900, frå han er femti til han er 70 år. Han er fotograf og studerer fotokunstbøker frå heile Europa og gjev sjølv ut bøker som dokumenterer utvikling i Stavanger. Nokre slektningar utvandra til USA og ein dag kjem ein son deira, Robert Hunter, Vietnamveterean med eitt auga og ei hand til Noreg for å besøke slekta. Han snakkar eit gammalmodig norsk, lært over there, og vert med dei unge i familien ut på popkonsertar. På ein av desse treffer han ei jente frå Nærbø, Tale, og sidan får han låne ein gammal motorsykkel med sidevogn, ein Nimbus, og dreg til Nærbø fpr ¨treffe jenta.

Eg siterer frå side 206: Robert Hunter gjorde inntrykk. Han fann fram til Kafé Ritz på Nærbø etter Tales grundige anvisninger på telefon kvelden i forveien. Han stanset Nimbusen og steg av og der sto Robert Hunter iført Søren Kannes gamle lærfrakk, han åpnet døren og gikk inn, det ble helt stille inne på Kafé Ritz da han gikk over gulvet. Selv jukeboksen ble taus.

Då lo eg med meg sjølv. Elles i boka er Einar O. Risa innom mange stader eg kjenner meg att på, men det er meir stader der eg med mange ferdast på den tida: Nattruta til Bergen, Torget i Stavanger, Domkyrkja, Kannik, Kongsgata osv.

Kafé Ritz på Nærbø, det var to av tantene mine som dreiv den. Søstrene til far min, Margit og Gerd, dekka meir enn ein gong bordet for oss på kjøkenet på kaféen. Plutseleg var tilknytninga til eigen barndom og ungdom der i langt sterkare grad enn eg hadde tenkt på tidlegare.

Les meir om Einar O. Risa på Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Einar_O._Risa

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *