Meir om straumstansen

Share

I dag kom forklaringa på straumstansen natt til måndag: Det hadde vore brann i Holen kraftstasjon laurdag morgon, og då dette skulle fiksast, klarte ikkje nettet belastninga som kom då øvre delen av Setesdal skulle få all straum frå Brokke.

I ei tid då tryggleiken i straumnettet er mykje framme i media, er det underleg å lese ei slik forklaring i Setesdølen. Eg tenkjer på korleis debatten har gått i høve Hardangerkabelen for å sikre nettet til Bergen. Sjølvsagt vil vi at folk i Bergen skal få straum i kalde tider, men sanneleg vil vi at det skal vere i orden her i bygdene i Øvre Setesdal og.

Eg undra meg og over at det er 3500 husstander i Øvre Setesdal då eg las artikkelen i Setesdølen. Det er fleire husstander enn det er folk i Bykle og Valle til saman. Og om ein reknar med hyttebyklarane, så var vel dei fleste reiste heim sundagskvelden. Eg møtte ikkje mange bilar på veg nedover, så eg tenkte med meg sjølv der eg køyrde oppover, at folk hadde reist heim tidleg denne sundagskvelden.

I straumproduksjon er både kraftstasjon og straumnettet viktige brikker for at datamaskinar, hushaldningsapparat, varmtvatn, lys og varmpumpe skal fungere når vi treng det. Som regel er det straum når vi treng, og ikkje veit eg korleis dei på Driftsentralen i Brokke klarar å få balansere det på best mogleg måte. Men eg stolar på at dei klarer det. Men hendinga sundagskvelden førte til at eg tok til å tenkje på på om nettet her i utkantane er så sikkert som vi likar å tru. Kanskje er det betre inn til byane enn her kor straumen vert produsert. Det er i så fall noko som eg ikkje likar, og det skal truleg ikkje så mange opplevingar av den typen vi hadde natt til måndag før folk tek til å tenkje at dei heller vil bu i byane der det er større tryggleik for at straumen ikkje fell ut og at ein slepp å finne stearinlys og lommelykt om natta.

Og så dukka den formastelege tanken opp, tek eigarane (les kommunane) ut så mykje av fortenesta til Agder Energi og Otra Kraft at dei ikkje har råd til å forsterke nettet i eigarkommunane i distrikta der kraftproduksjonen skjer? Ein dåre kan spørje meir enn ti vise kan svare, sa alltid mor. Eg spurde likevel.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *