Onsdagskveld i haustferie

Share

I kveld var det Ronny Stavsholt som hadde sendinga. All musikken denne kvelden handla om haust og regn, og emna han tok opp var heller ikkje utan tilknytning til emnet. I ein samtale han hadde med Øyvind Johnsen fekk han vite mykje om veret. Johnsen kunne fortelje at det kom 20 mm nedbør på Hovden. Til samanlikning kom det 115 mm på Eik i Rogaland. 1 mm regn på eit mål gjev 1000 liter vatn kunne han også fortelje. Han fortalde også at når vi såg skyer høgt på himmelen i Norge, kunne dei ha samband med eit nedbørområde over Storbritannia.

Ein stor del av den aktuelle timen gjekk med til ein samtale med Eirik Brunvatne, som studerer ved Universitetet for Miljø og Biovitenskap, det som før heitte Norges Landbrukshøgskole. Dei snakka om vindkraft og andre nye former elektrisk kraft, som solcellepanel, bølgekraft og småkraft. Fleire elektriske apparat i husa gjer at ein brukar mykje meir straum enn før. Ronny fekk og nemne at han arbeider på Vestas, som produserer vindmøller. Modellverkstaden på Rysstad arbeider modellar til støyping av ei vindmølle med 112 meter diameter på vengene. Han fortalde og at Vestas sponsar drakter til Valle IL for neste sesong.

I Kommunen informerer var det Caroline Rysstad som kom frå Valle Barnehage. Ho hadde ikkje så mykje nytt frå barnehagen, men hadde samla inn mange opplysningar om andre aktivitetar i kommunen. Du kan lese om dei på setesdalswiki, sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101006

Eg fekk ikkje med meg fyrste delen av Ronnys time med gjester, for eg fekk ein telefon frå eit meiningsmålingsbyrå som skulle vite mangt og mykje om det eg meinte og visste. Dei spurde mellom anna om eg hadde høyrt radioreklame for 1881 og andre merkevarer, men eg måtte svare nei på alt, einaste reklamen eg høyrer på radio er den som eg får frå Valle Radio, men den var ikkje med i undersøkinga.

Eg kom inn i sendinga då Ronny snakka med Tarald Myrum. Han fortalde om aktivitetar i Valle IL. Deretter var det Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike som hadde open sending. Då kom eg til og med gjennom og svarte på ein rebus. Eg avsluttar bloggen før eg veit om eg vinn noko.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *