Stort spenn i onsdagssending

Share

I kveld, onsdag 13. oktober, var det Bjørgulv T. Berg som hadde ansvaret for sendinga. Liv-Gunn Viki var teknikar, og programmet var slik:

18:00 Aktuell time Samtale med Sissel Åkre om Kulturveka 2010. Intervju med Knut Reiersrud. Samtale med vikarprest Terje Seilskjær om trusopplæringsreformen
19:00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19:30 Kommunen informerer med Liv Gyro Brokke Homme (barnevernskonsulent)
20:00 Bjørgulvs time med gjester: varaordførar Pål Dale fortel om TV-aksjonen og skodespelar Valborg Frøysnes
21:00 Opi sending med Henri Tore Viki og Rolf Erik Homme

Samtalen om Kulturveka 2010 var både ei oppsummering og ein diskusjon om framtida, ettersom Folkeakademiet har sagt at dei ikkje vil halde fram med organiseringa av Kulturveka i Valle. Sissel meinte at det var rett å sleppe andre krefter til, det kunne like gjerne vere kyrkja som Valle jakt og fiske, meinte ho.

Intervjet med Knut Reiersrud fekk eg ikkje med meg, men i samtalen med Terje Seilskjær kom dei inn på bakgrunnen for denne reformen: Når skulen ikkje lenger kan vere med i trusopplæringa, må ein få noko anna i staden. Det gamle KRL-faget er blitt til RLE og er blitt obligatorisk. Så nå er det innført ei rekke aktivitetar som skal hjelpe foreldrene med å halde det dei lovar når borna vert døypte. Men framleis er konfirmasjonsførebuinga det viktigaste i dette opplegget.

Etter at Håvard Viki hadde hatt Tankar frå Bibelen, kom Liv Gyro Brokke Homme for å snakke om barnevernet. Frå nyttår vert Barnevern Setesdal for dei tre øverste kommunane i dalen og med kontorstad i Valle. Det er tilsett ein leiar for dette.

Bjørgulf hadde med seg varaordførar Pål Dale i studio for å fortelje om Innsamlingsaksjonen 2010. I tillegg kunne han fortelje at om folk ville røyste han inn ved valet neste år, ville han truleg kanskje setje Norgesrekord i å vere med i kommunestyre, no har han vore i 34 år. Om aksjonen kunne han fortelje at det er formannskapet som er komite, at Anne Berit Solheim er sekretær for komiteen. I samband med utstillinga til Kjell Nupen kjøpte kommunen eit bilete som dei vil auksjonere ut til inntekt for aksjonen. Ein kan by på biletet, som heiter Ti brev som aldri vart sendt, ved å vende seg til Velkomssenteret, der biletet no er stilt ut.

Siste innslaget i Bjørgulfs time var ein prat med Valborg Frøysnes, skodespelar som fekk Heddaprisen 2010 for beste birolle i rolla som Mariedl i Presidentinnene. Det var ein triveleg prat, på slutten kom og mora hennar, Birgit, inn i samtalen. Ho hadde gått på folkeskulen med Bjørgulv.

Alt i alt var det ein variert kveld med litt av kvart å tenkje på.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *