Straumen gjekk

Share

I går tok eg meg tid til å sjå Der ingen skulle tru og Maestro før eg gjekk i bilen i Mandal. Difor var eg ikkje i Valle før ved midnatt, men tenkte likevel at eg skulle få skrive bloggen. Eg hadde akkurat starta då straumen gjekk. Den var borte til nærare kvart over eitt, då hadde eg rota meg fram til bilen i mørkret og parkert utanfor huset der eg bur. Så sat eg der og funderte på om eg skulle nytte måneljoset og gå inn, eller om eg bare skulle sitje til ljoset kom att. Eg valde det siste, og sovna i bilen, noko eg gjer ofte. Det står jo plakatar langs vegane om at ein skal gjere det når ein kjenner seg trøytt, så det var ikkje vanskeleg å få seg ein høneblund. Då eg vakna, var straumen komen att, og eg kunne finne loppekassa utan å snuble i møbler og trapper.

Men eg undrar meg over at vi som bur ved eit av dei store kraftverka i landet, skal ha så mange straumbrot. Det er ikkje lenge sidan vi hadde eit anna, uannonsert. Nå er det snart 20 år sidan eg budde i Vesterålen, og minnet mitt kan dimmast, men der var det etter det eg kan hugse svært sjeldan straumbrot.

Om det var straumbrotet som førte til at Internett var borte ein lang periode frå klokka 11 for oss som har kommunalt nett, veit eg ikkje. Men elevane fekk ikkje tilgang til hjelpemidlar dei nyttar i læringa, så dagen i dag var ikkje ordinær.

Det år’nær sæ seier dei i Østfold, og det gjorde det ut over dagen i dag. Men ein kan likevel undre seg over kor sårbare vi er når straumen går, i alle fall når ein skal gjere noko i det virtuelle romet. Utan straum kjem ein ingen veg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *