Takk til Jørund, Siri, Niklos, Else Gyro og Britta Lise

Share

Tysdag 26. oktober vart ein dag der sendinga kom i mål takka vere gode hjelparar. Fyrst var det Jørund Georg som kom støttande til då eg ikkje fekk kopla opp. Han svinga innom og på få minuttar hadde han fått forbindelsen med Bykle som eg ikkje klarte å etablere.

Dermed kunne eg lese programmet for kvelden, det skreiv eg på bloggen i går. Etter at Anne Karin Kaasa hadde sunge Hjemme i himlen kunne vi høyre andakten av Rita Aasen, pottemakaren og forkynnaren frå Søgne.

Så kom Siri Johannessen i studio. Ho har vore med i Valle Radio fleire gonger, både på telefon og i studio. Ein gong tidlegare fekk eg henne til å fortelje om lokalhistoriewiki, denne gongen fann ho songar til sangkvelden. Du kan sjå spelelista på http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_26._oktober_2010 Det var eit utval av songar som var gjenhøyr med songar eg knapt kan hugse at eg hadde høyrt. Vi prata om songane, ikkje så mykje historikk som tematikk, og det vart ein triveleg time.

Ut over kvelden prøvde eg å få tak i Else Gyro Rysstad, men ho var på øving til Hovdenrevyen 2010, så ho svara ikkje direkte. Men i ein pause i øvinga kom det ein telefon tilbake og vi fekk gjort ein avtale. Ettersom eg var på lufta då telefonen kom, måtte eg overlate til Niklos å introdusere musikken sjølv medan eg snakka med henne. Om du høyrde på sendinga, fekk du sikkert med deg telefonen som plutseleg gav lyd frå seg.

Niklos hadde funne musikk frå fransk og engelsk romantikk, det var marsjar og prosesjonsmusikk. Spelelista for dette programmet kom og på Setesdalswiki. Han finn variert og flott musikk og set han saman på ein god måte, men denne gongen hadde han ikkje vokalmusikk, det er uvanleg.

Til slutt var det Else Gyro Rysstad, hylstringen som har blitt bufast på Hovden og primus motor for Hovdenrevyen som skal gå av stabelen fredag og laurdag denne veka og neste veke. Vi fekk eit ekte brøl frå 22 skodespelarar og orkesteret rett på lufta i Valle Radio.

Men kor er Britta Lise i denne samanhengen? Ho kom innom i full fart og tok bilete til Facebooksida av Siri, som vi ikkje hadde bilete av frå før. Du kan sjå det på http://www.valleradio.com om du ikkje har konto på Facebook. Med det var alle gode hjelparar denne kvelden takka og då høver det godt å seie god natt og takk for i kveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *