Postludium med jolemusikk

Share

I kveld spelte eg frå ei plate av Kevin Bowyer, ein engelsk organist som er fødd i 1961 og som har spelt inn ei plate som heiter Christmas Organ Music. Han spelar på orgel i katedralen i Chichester, den har fire orgel, så kva for eit, er eg ikkje sikker på. Eg spelte desse åtte stykka:

Franz Liszt: Die Hirten an der Krippe (In dulci jubilo);
J. S. Bach: In dulci jubilo (BWV 729);
Louis-Claude Daquin: Noël suisse;
Andrew Carter: Toccata on Veni Emmanuel;
W. S. Lloyd Webber: Interlude on the Coventry Carol;
David Willcocks: Postlude on Hark, the Herald Angels sing; Richard Purvis: Prelude on Greensleeves (What child is this); G. F. Handel: Hallelujah Chorus (from Messiah)

Det var ei variert liste med jolemusikk.

Du kan lese meir om Kevin Bowyer og alle platene han har spelt inn på engelsk wikipedia:http://en.wikipedia.org/wiki/Kevin_Bowyer

Du kan lese meir om heile sendinga i kveld på Setesdalswiki. No er det lagt inn lenke til kveldssendinga på framsida, slik at du lett kan finne den aktuelle sendinga. Men denne lenka syner direkte til sendinga i kveld, der du kan finne informasjon om dei andre programma eg hadde: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogrammet_30._november_2010

Diktkveld

Share

I nokre veker no har eg hatt diktkveldar i Valle Radio. Det har vore ei god oppleving å leite fram dikt og å lese dei og finne noko musikk som kan høve. Eg har vald å bruke lokale diktarar sine dikt, gjerne episke og i alle fall med rim og rytme. Med lokale diktarar meiner eg diktarar som har gjeve ut bøker på Setesdalsforlaget, dei treng ikkje alltid vere frå Setesdal, men eg har nytta dikt av Hallvard Eldhuset meir enn dei fleste.

Djupt gjennom berg det hjalar kom ut på Setesdalsforlaget i år. Det er blitt ei bok som eg finn stadig nye dikt i, dei er interessante og rike i språk og innhald. Difor er det ei glede å kunne nytte desse dikta i Valle Radio. Eg vonar at lesarar og lyttarar som er glade i dikt, skaffar seg boka. Ho er vel verd å gjere seg kjent med.

I diktkvelden siste kvelden i november vil eg lese fleire dikt av Hallvard Eldhuset. Eg vil og lese Under ei lågare sol av Svanhild Londal Lervik og Andakt av Olav M. Holen. Om det vert tid til det, vil eg og lese eit dikt av Elias Blix. Hans dikt er songar eller salmer, og dette heiter Kom og kjenn den store gleda. Eg legg det ut her, så kan du nyte det i adventstida:

Tone: O, du store Seierherre

Kom og kjenn den store Gleda,
Som alt Folk paa Jordi gjeld!
Kom og høyr Guds Englar kveda
Sæle Ord um Jolekveld!
Dei deg lovar fager Lagnad,
Mannaætt i Sud og Nord!
Herrens Hugnad, Fred og Fagnad
Lovar dei den fallne Jord.

Jordi høyrer Jolesongen,
Trui grip det gode Ord.
For vaar Hjarta kjenner Trongen
Til Guds sæle Fred paa Jord.
Sjaa den Folke-Heren fara
Kyrkjeferd so glad og nøgd,
Dei vil Englesongen svara:
Æra vere Gud i Høgd!

Høyr den Ljod i Kyrkjeklokka,
Denne klaare Helgarklang!
Høyr, ho vil deg ljuvleg lokka,
Kalla deg til Kyrkjegang,
Vil at du skal Jesus prisa,
Um endaa di Røyst er veik,
Vænt med heilag Song og Visa
Og med hugleg Harpeleik.

Høyr dei Barnerøyster syngja
Jesu Lov or Hjartans Grunn!
Sjaa dei gamle upp seg yngja,
So dei syng med Barnemunn!
Alle vil den store Gleda
Syngja ut med all sin Dug,
Yndeleg fyr Herren kveda
Lov og Takk med heilag Hug.

Sjaa, all Skapning med vil vera
I den store Helgarkor!
Stjernehimmelen kann bera
Lovsong fram i gyllne Ord.
Jordi kann seg fagert fjelga,
Skinande i kvite Skrud.
Dei seg vil fyr Herren helga,
Dei i Ljos vil lova Gud.

Me som er Guds Ætt paa Jordi,
Systkin smaa til Jesus Krist,
Lat oss daa dei Engleordi
Syngja glad som Fugl paa Kvist!
Fraa kvar Kyrkja, fraa kvar Stova,
Hovdings Borg og Hyrdings Bud,
Alt vaart Liv lat Herren lova!
Det er yndig Song for Gud.

Elias Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900), 16-18

Program for siste tysdag i november

Share

I kveld vert det bare ei kort melding. Nedanfor finn du programmet for tysdag 30. november. Denne veka vert det ikkje onsdagssending, for Valle Radio skal ha sending til heile dalen fredag 3. desember. Men nedanfor finn du programmet for tysdagssendinga.

Tysdag 30. november

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Advent-sangkveld
19:30 Diktkveld
20:00 Møteplassen
20:30 Postludium
21:00 Kyrkjebakken

http://www.valleradio.com/ Nettradio – Velg «live streaming»
http://valleradio.blogs.no/ Valle Radio sin blogg, som Harald Haugland skriv
http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845 Fylg Valle Radio på Facebook

Flyktningar i Valle

Share

Onsdagskvelden hadde vi ein interessant time i Valle Radio. Klokka 19:30 kom Guro Nordli Solbakk og fortalde litt om Flyktningar i Valle i eit historisk perspektiv. Dei fyrste flyktningane kom til Valle i 1996, og i løpet av åra har det vore mange nasjonalitetar innom.

Vi laga eit ekstraspørsmål der folk som ringde inn under Opi sending kunne svare på kor mange som har budd i Valle desse åra, og svaret skulle vere 151 etter den opptellinga ho hadde gjort. Torjus Homme tippa 190 og kom dermed nærast, så han fekk konfektøskja.

Guro nemnde folk frå ex-Jugoslavia, kurdarar frå Iran og Irak, folk frå Afghanistan og einslege mindreårige arabarar frå Irak. Etter kvart reiste dei, fekk seg bustad nær familie og venner, særleg i området rundt Oslo, men også Fredrikstad, Moss og Kongsvinger var stader dei reiste til. Eit hovudproblem har vore at det har vore vanskeleg å få arbeid i Valle for flyktningane.

Den siste store gruppa er karenarar frå Burma, i sommar kom det og folk frå chin-gruppa i Burma, så no er dei aller fleste flyktningane i Valle burmesiske.

Guro hadde avtalt med ein av dei som var i Valle på 1990-talet at vi kunne ringe til han. Salih bur med familien sin i Skien og arbeider som morsmålslærar i halv stilling der og i halv stilling som lærar i Porsgrunn kommune. Vi hugsar han frå jobb han hadde i Valle med å registrere bøker inn i biblioteket sitt datasystem, han jobba og i barnehagen. Han fortalde at han kvart år var ein tur i Valle og besøkte vener dei hadde fått medan dei budde her.

Guro fortalde og noko om busituasjonen for flyktningane. Den fyrste tida budde det flest folk på Rysstad, og då var også norskundervisninga der. Men då norskundervisninga fekk plass i det gamle kommunehuset, var det mest rasjonelt av omsyn til transport at flyktningane budde i Valle. I fleire år budde folk på Øyne, men også det var ei utfordring i høve til transport når dei ikkje hadde bil, så etter kvart har dei felste fått bustad i Leite og nær sentrum.

Den siste halvtimen var Htoo Thaw David i studio. Han er kvoteflyktning frå Burma og budde 12 år i flyktningleiren Mae La i Nord-Thailand før han kom til Valle. No trivest han godt i Valle og har jobb som reinhaldar på Valle vidaregåande skule.

Det vart ein svært interessant time i Valle Radio denne kvelden.

Valle skule og Valle Radio

Share

Onsdagskvelden hadde eg med rektor Trond Støle i Aktuell time. Han fortalde om foreldreundersøkinga som skulen har sett i gang. 71 heimar har fått kode slik at dei kan gå inn på Internett og svare på ei undersøking som gjeld trivsel og andre spørsmål som er relevante for skulemiljø og foreldresamarbeid. Til no var det eit fåtal som hadde svart, og svarfristen var midt i desember, så det var viktig for skulen å minne om at folk måtte svare. Om ikkje eit fleirtal av foreldrene svarer på undersøkinga, vert ho lite relevant og det er vanskeleg for skulen å setje inn tiltak der dei bør setjast inn.

Valle skule er oppteken av kvalitet både i fag og sosiale relasjonar. Men Trond vedgjekk at det lett kan oppfattast som om dei er ein stat i staten, for det er ikkje mykje som kjem ut frå livet på skulen til bygda rundt skulen. Han tok difor gjerne mot innbyding til å kome i Valle Radio og fortelje om saker som er aktuelle på skulen. Han kunne fortelje om ein kombinasjon av dragar og matematikk og andre fag, der elevane på ein matte- og dragedag jobba med dragar på mange ulike vis. Dei har og fått prøve seg som designarar. I to veker har det stått ei utstilling om tradisjon og design på skulen. Den fortel om norsk designhistorie, dette var i regi av Den kulturelle skolesekken. Endeleg fortalde han at det var vald verneomod blant elevane, og då dei gjekk vernerunde i haust, var også denne eleven med i tillegg til verneombodet for dei tilsette og han sjølv som leiar.

Dei nasjonale prøvene ville han kome tilbake til. Det sa eg meg glad for. Vi prata litt saman før sendinga starta. Då tok eg opp det at skulen står for mange aktivitetar som er aktuelle for mange innbyggarar i kommunen. Dei fortener å verte gjort kjent på fleire måtar enn ved rundskriv til heimane. Etter mi meining må skulen vere aktiv i media for å fortelje om det dei held på med. Slik kan han få den sentrale plassen han fortener.

Adventfeiring

Share

Onsdgaskvelden var Sissa Ringstad i studio og fortalde om adventsmarkeringa som skal vere komande helg. I Hylestad er det tradisjonell markering med gudsteneste klokka 16, og når den er slutt, er det fakkeltog til Setesdalsmuseet, der det er joleverkstad for borna og høve til å kjøpe kaffe og mat. Dette er eit arrangement som har lang tradisjon og stor oppslutning. I år står konfirmantane for mykje av gudstenesta, som har form av ei lysmesse.

I Valle fylgjer ein og tradisjonen. Eit fakkeltog startar i sentrum og går opp til Valle bygdeheim. Deretter går ein til kyrkja. Utanfor kyrkja vert det servert kakao og bollar, og så er det adventssamling med gruppa Tidløs inne i kyrkja etterpå.

Men denne helga er spesiell, kunne Sissa fortelje, for Normisjon har jolemesse laurdag. Alt fredagskvelden startar ein med møte i Menighetshuset ved Inge Flåt klokka 19.30. Laurdag vert det opning klokka 12, andakt klokka 13, familiemøte med song av familiekoret klokka 16 og trekning klokka 17. Sissa fortalde at det heile skulle avsluttast med gudsteneste i Valle kyrkje klokka 11 sundag.

Når ein så veit at ein alt fredag opnar julegate på Rysstad med marknad og stor aktivitet, så kan ein vel trygt seie at inngangen til adventstida vert markert sterkt i kommunen. Og då var det greitt å omtale det i Valle Radio.

Du kan lese om onsdagsprogrammet i Valle Radio på Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101124

Jol i Setesdal 2010

Share

I sendinga i kveld var Jol i Setesdal 2010 sentral. I den aktuelle timen hadde eg ein prat med Knut K. Homme om arbeidet med bladet. Han presenterte skriftstyret og nokre av dei mange artiklane i årets nummer.

Skriftstyre
Lilly Esther Stanescu, Bykle mållag
Knut K. Homme, Valle mållag
Birgit Attestog, Bygland mållag
Rita Flottorp, Evje og Hornnes mållag
Salve Øina, Iveland mållag

Dei har hatt fleire møte for å planleggje joleheftet. I år er det ikkje nokon artikkel frå Bygland kommune, men dei andre kommunane er representerte med stoff. Og stoffet er variert. Vi snakka om nokre av artiklane, mellom anna om konkurransen der det vart presentert vinnarar av seksordsnoveller. Vi snakka og om då Innestog-gutane salutterte frå tobakksåkeren. Dette handla om dei to eldre brørne til Knut. Og dei dyrka tobakk under krigen, ingen tvil om det.

Ein artikkel handla om Lauvåsen, som er in ås midt i Vallebygda, men som og er ein slått. Arne T. Aabø sin artikkel er interessant, det er og Olav Mosdøl sin artikkel om Bjarne Tveitens eventyrlege reise. Innhaldet i bladet er variert og interessant. I ein samtale eg hadde med Knut før sendinga i kveld, vona han at det kunne kome fleire skribentar og meir stoff til neste nummer, som vert 50-årsnummeret.

Jol i Setesdal var og gjennomgangsemne i Opi sending, for eg hadde laga rebusar basert på stoff eg fann i bladet. Dei var kanskje ikkje så lette å løyse for folk som ikkje hadde årets utgåve av Jol i Setesdal for hand, men i det store og heile klarte lyttarane oppgåvene ganske godt. Vinnarane av rebusløysinga i kveld var: Lisbeth Dalquist Homme, som også vann kruset, Jorunn L. Harstad, Torhild Lunden, Ingebjørg Vegestog Homme og Torjus B. Homme, som og tippa nærast det rette talet på kor mange flyktningar som hadde budd i Valle sidan 1994, då kommunen tok mot dei første flyktningane, og difor fekk konfektøskja . Gratulerer!

Du kan lese om kveldens sending på Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101124

Kyrkjemusikalsk variasjonskveld

Share

Når Niklos K. Besteland lagar program, likar han å starte med noko som er svært gamalt og så ende i moderne tid. Det gjorde han i kveld og. Heinrich Schütz (1585-1672) var den første denne kvelden. Westf¨lischer Kantorei dirigert av Wilhelm Ehmann song Kommt her, des Königs Aufgebot, eit nydeleg verk.

Så kom ein orgelkoral av Gottfried Auggust Homilius (1714-1787). Den heitter Straf mich nicht in deinem Zorn. Det var Gunnar Nordenfors, og han spelte på orgelet i Västerås domkyrka.

Kveldens høgdepunkt var Dies Irae et Tuba Mirum av Guiseppe Verdi (1813-1901). Det var dramatisk og storslått musikalsk og skildra dommedagsbilete både kraftig og målande. Den ungarske stats operakor og orkester dirigert av Pier Giorgio Morendi med bass-solisten Carlo Colombara var utøvarane.

Som kontrast til dette hadde Niklos funne to religiøse folketonar i Åseraltradisjon. Det var evangelisten Johannes Daasvand som song, han var ein av grunnleggjarane av bladet Evangelisten i 1911. Songane han song var Vår brudgom ei lenge nu borte vil blive og Himmelske Fader, din hjelp mig forløse.

Som siste verk i kveld hadde han funne eit orgelstykke, Largo, som er tredje del av suiten Forvandling i tre deler av den danske organisten Peter Møller (1947-1999). Domorganist Birgitte Ebert, som var den fyrste danske domorganisten, spelte på orgelet i Ribe domkyrkje.

Her var det komposisjonar i eit spenn på nærare 400 år. Alle var relatert til siste søndag i kyrkjeåret, den som og kallast domssøndagen.

Då eg køyrde Niklos heim til Besteland etter sendinga, reflekterte han over at neste program han skal ha, vil kome i adventtida:
-No har vi halde på i 13 år, og det er utruleg kor fort tida går. Plutseleg er eit semester gått, og slik har det i grunnen vore sidan eg starta med desse programma. Å lage dei er ei glede og ein hobby som gjev meg mykje, og det er rart å tenke på at vi har halde på så lenge og det vil verte eit sakn om vi ikkje lenger skulle lage desse Postludium-programma, meinte han.

Program for veke 47-2010

Share

Så er det siste heile veka i november. Normalt skulle det ha vore kommunestyremøte denne veka, det var det som var sett opp i programmet. Men eg fekk med meg at det vare var ei sak til handsaming, og då avlyste ordføraren like godt heile møtet, saka kunne vente til desembermøtet.

Dermed nytta eg høvet og sa at eg kunne ha vanleg sending denne kvelden. Mange ventar at det skal vere sending i Valle Radio ein onsdagskveld, og eg hadde høve til å lage den. Med gode hjelparar trur eg du vil få ein triveleg kveld ved radioen komande onsdag. Her er programmet for både tysdag og onsdag:, slik eg sende det til Setesdølen i dag tidleg:

Tysdag 23. november

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld ved Siri Johannessen
19.30 Diktkveld
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 24. november

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakt: Gudrun Nomeland

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Siri Johannessen
19.30 Kommunen informerer. Guro Nordli Solbakk om flyktningar i Valle
20.00 Burmesarar i Valle ved Htoo Thaw David
20.30 Musikkporgram ved elevar på Setesdal VGS avd. Valle
21.00 Opi sending ved Harald Haugland og Ronny Stavsholt

Internettradio: http://www.valleradio.com/ Klikk på Live streaming
Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no/
Fylg oss på Facebook: http://www.facebook.com/#!/pages/Valle-Radio
Les på Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Valle_Radio

Notis
I tillegg laga eg ein liten notis som eg tenkte kunne kome på redaksjonell plass i avisa:

Burma i fokus i Valle Radio

Onsdagskvelden vil Valle Radio ha ein heil time med fokus på Burma. Klokka 19:30 kjem Guro Nordli Solbakk i studio for å fortelje om flyktningar i Valle. Ho er rådgjevar for sektoren i Valle kommune og kan fortelje at i løpet av åra har over 150 personar budd i Valle i ein periode medan dei etablerte seg i Norge. No er det karenarar og folk frå den etniske gruppa chin som bur i kommunen. Etter henne kjem ein av dei karenske flyktningane i studio. Han vil fortelje om korleis dei opplever å bu i Valle og han har også synspunkt på den aktuelle situasjonen i heimlandet. Det vert også sang av ei av flytningane frå Burma. Valle Radio kan høyrast over heile verda på Internett, så om du ikkje er i Valle eller Bykle denne kvelden, kan du høyre sendinga på nettet. Internettradio: http://www.valleradio.com/ Klikk på Live streaming. Valle Radio kan du også fylgje på Facebook og på bloggen til radioen. Lenker til desse sidene finn du på radioen si heimeside.

Bygdeutvikling

Share

I nokre samanhengar har eg diskutert bygdeutvikling. Det har mange fasettar og kan ikkje løysast etter ei oppskrift. Vi las i Setesdølen før helga at Iveland har gått forbi Valle i folketal, det var det vel få som hadde trudd då eg flytta til Setesdal i 1991. Men så har det skjedd likevel. Nærleik til byen hjelper, men dei har og fått på plass nokre tiltak som har medverka til dette. Nederlendarar som har fått gode tomter og funne ut at dei kan leve det gode liv i Iveland er eit av desse tiltaka.

I Bygland har dei visst gått bort frå tanken om å rekruttere innflyttarar frå Nederland. Det var i alle fall noko slikt eg høyrde ordføraren der seie i radioen før helga. Dei har og avvikla Bygland – best å bu i som prosjekt, men meiner at slagordet kan vere nok til å halde fram ein god trend. At det kom aktivitet på Landeskogen sparte kommunen for fire millionar som dei hadde sett av til å rive dei store bygningane, var rein vinning.

Det er eit spørsmål om ein eigentleg vil bygdeutvikling og. Om ein ikkje vil ha utvikling, skjer ho nok likevel, men då kjem det seinare. I Danmark har dei ei rute for turistar som dei kallar Margerittruta. Ho er skilta med små skilt av margerittar og skal leie turistar som ikkje vil køyre fort forbi. Om dei fylgjer margerittruta, kan dei få opplevingar dei elles ikkje ville hatt. Kanskje dei til og med vil stoppe litt i bygdene.

I Valle har vi etter at vegen vart lagd utanfor sentrum nok sukka litt over at så mange køyrer rett forbi. Vi som går i sentrum dagleg, synest det er eit triveleg lite bygdesentrum og tenkjer nok at vi gjerne kunne delt det med fleire, i alle fall tenkjer nok kjøpmennene det.

Truleg kunne vi laga ei Margerittrute i Valle – vi burde vel helst kalla henne bergbruskeruta etter kommuneblomen vår. Men kva kunne vi syne fram? Det vil eg skrive meir om ein annan dag. Imens kan du tenkje på det og gjerne gje meg innspel på harhaugl@gmail.com
Kanskje det kan bli eit program i Valle Radio av det etter kvart.