GPS og litt til

Share

Onsdagskvelden hadde Valle Radio konkurranse frå Valle jakt- og fiskelag, som arrangerte GPS-kurs i kommunestyresalen. Då det var ferdig, opplevde eg noko som ikkje skjer så ofte: min kollega Øystein kom innom på skulen der eg sat. Dermed fekk eg ikkje med meg Opi sending med Jorunn og Kåre.

Å kunne bruke GPS når ein går i heia, det var temaet for kurset. Deltakarane hadde veldig ulikt nivå, og då er det nok ikkje så lett å vere lærar, fekk eg høyre. Øystein likar godt å gå i heia, i haust har han leita etter sauer heilt til snøen la seg. Hans forteljing om siste turen, der han skulle få heim nokre sauer som tilhøyrte ein bonde på Jæren, er både spennande og kosteleg. Når han fortel om korleis den eine sauen etter kvart skjøna at han kunne få kraftfor frå bøtta om han fylgde, då høver ikkje uttrykket “dum som ein sau” særleg godt.

Medan eg skriv om dette, kling songen Langt inn på ville heii i hugen. Vi har brukt den fleire gonger, og det er klart at hyrdingen hadde hatt god bruk for GPS når skodda la seg og ein ikkje fann noko kjent, sjølv i område der ein har gått eit langt liv. Å vaddre seier dei i Valle om dette fenomenet.

Sjølv nyttar eg bare GPS i bilen, og det er godt å ha, sjølv om å ha kona som kartlesar og NAF si veibok er vel så interessant, for då får eg høyre stikkord om stadene vi passerer. Og hittil har vi funne vegen, men GPS er god å ha om ein skal til ein bestemt adresse. Computeren i bilen har ei rekke andre funksjonar og, mellom anna syner den bensinforbruket når eg speedar opp. Eg trur køyrestilen har blitt litt endra etter at eg tok til å fylgje med på den målinga, det er jo betre å kjøre med ein halv liter på mila enn med 2,5 liters forbruk.

Fredag hadde eg med meg elevar til Evje. Dei skulle vidare til Tvedestrand og møte karenske vener. Dagen i dag var jo ein merkedag for folk i Burma då den demokratisk valde leiaren Aung San Suu Kyi slapp ut frå husarresten. I 15 av dei siste 20 åra, sidan ho vann valet i 1990, har ho sete i husarrest eller fengsel medan ein junta har styrt landet. Dei som har flykta, skulle gjerne hatt henne i posisjonen dei valde henne til. Også karenarane som bur i Valle ville gjerne hatt henne til å stake ut kursen for heimlandet i åra som kjem.