Reiårsfossen med lys

Share

Sist sundag stoppa eg på Reiårsfossen kro og hadde middag der. Eg hadde køyrt Reidun på bussen, ho har vore bångjøle i Nittedal denne veka og kjem ikkje heim att før tirsdag.

Middagen var god, særleg vil eg framheve fårikål som ein rett ein kunne forsyne seg av mange gonger. Desserten var heller ikkje å forakte, eg kom meg ikkje over heile fjøla på dessertbordet i vindauga, det heldt med tilslørte bondepiker og moltekrem for min del. Eg skjønar godt Knut William Bygland som meinte han måtte teste kvaliteten på desserten og difor tok seg minst ein ekstra runde, eg trur det var moltekremen som måtte testast nokre gonger.

Etter middag og dessert var det råd å gå inn i salongen og få kake og kaffe. Vi såg bilete frå salongen i Setesdølen då dei hadde reportasje frå Reiårsfossen kro. Den dagen eg var der, stod TV på, så kunne ein få med seg litt derifrå før ein tok siste etappe.

Denne sundagen var eg for sein til å stoppe på Reiårsfossen. Eg var til og med for sein til å få middag på Pernille, men kinarestauranten på Evje har ope til klokka 21, så der kunne eg få meg middag, og når eg går på kinarestaurant, landar eg som oftast på svinekjøt i sursøt saus. Denne gongen var det innbaka, men ikkje mindre velsmakande. Menyen der er blitt svært norsk, dei kinesiske rettane har bare norske namn, truleg har dei funne ut at salet går best då, men Kina-preget på menyen er borte.

Så var det bare å ta siste delen av turen. Då eg kom oppover mot Reiårsfossen, la eg merke til lyskjegla som stod frå kroa og over mot fossen. Det glitra litt i drysset som kom ned. Eg måtte stoppe på rasteplassen og sjå ein gong til, eg skrudde av radioen, rulla ned vinduet og høyrde fosseduren i det gråkvite lyset frå vatnet som dundrar ned fjellsida. Då eg sette billysa på parkering og kupelysa var av, var det eit flott syn, sjølv utan å gå ut av bilen.

I byen har dei starta litt med lys som vi helst vil forbinde med jola. Det er tidleg, synest eg. Då heller den lysande Reiårsfossen i novembernatta.