Onsdagskveld med open sending

Share

Denne hausten var eg ikkje sett opp til å ha Open sending. Det var eit sakn, så eg vart veldig glad då Henri-Tore spurde om eg ville ta onsdag 17. november for han. Eg svara ja på flekken, og i dag var vi komne til 17. november.

Planen min var å sitje på skulen til klokka 20 og høyre på sendinga, kanskje skrive om den på Setesdalswiki, og så gå til studio og vente der til klokka vart 21. Når Torbjørg Hoftuft er telefonvakt, pleier ho lage vaflar eller noko anna godt til kaffien, og så sit vi og pratar litt medan vi venter.

Denne kvelden vart annleis. For 17.50 ringde Ørnulf frå Evje og spurde om eg kunne gå ned og låse opp, då stod Øyvind og Liv Gunn og venta utan nøkkel. Saman med dei var Randi Myrum og Leonhard Jansen frå Setesdalsmuseet, som skulle fortelje om arrangementet dei skal ha der i morgon. Då skal dei vise filmen om korleis ein tek på seg Setesdalsbunad. Ingebjørg Vegestog Homme er den som syer det, og Sigrid Uppstad og Alfred Ryningen er skodespelarane saman med henne. I Open sending fortalde ho litt om arbeidet med filmen, for ho løyste ein rebus og vart trekt ut til å kome inn i studio.

Med fem minutt til sendinga starta gjekk det fort og gale å prøve å kople opp til Bykle. Vi ringde og trudde det gjekk greitt, men det kom ingen lyd frå ekstern linje då vi prøvde radioen. Så prøvde vi igjen, og ein gong til, men då var klokka over seks og ingen lyd kom gjennom eteren, så eg tok telefonen til Jørund Georg Jore. Han var på Frøysnes og kunne ikkje kome i teknisk rom og hjelpe oss, men rettleia frå telefonen. Minuttane tikka og to-tre telefonar kom der folk lurte på om det vart sending, det hadde jo ikkje vore noko i Setesdølen i går heller.

Etter kvart fann vi feilen, det var nesten pinleg enkelt, og snart var vi på lufta. Då var det gått over 20 minutt sidan vi skulle ha vore der. Torleiv Soltun kom for å hjelpe Liv Gunn, det var tredje kvelden hennar som teknikar, og ho var ikkje trygg. Men han er ein rutinert teknikar som gjev ein urøynd person god støtte. Dermed kunne eg gå tilbake til skulen, men då heldt eg fram med å lage rebusar og kom ikkje på å høyre på sendinga, så kva som skjedde der, må eg få Øyvind Jacob til å skrive om på Setesdalswiki. Lenke til det finn du her, han har enno ikkje skrive noko, men har lova å hjelpe meg litt etter kvart. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101117

Meir om onsdagskvelden kjem etter kvart.