Syltetøyglass med myntar

Share

Laurdag er det Jolemesse på Rysstad. Det går mot trettiårsjubileum, er visst 29 år dei har halde på. I Setesdølen tysdag hadde dei ein vri på omtalen av messa, der hadde Helene Horverak eit intervju med Ruth Olsen og ANna Lislevand på Evje. Dei har vore på alle jolemessene gjennom åra, og dei gledde seg til å ta turen til Soknehuset på Rysstad i år også. I samtalen mimra dei om rådmannen i Bykle som loddseljar, mellom anna.

Eg nemnde jolemessa på Rysstad i tysdagssendinga. Ofte har eg hatt ein prat med Ragnar Aas på Evje i høve messa, men i år droppa eg det. Men damene med syltetøyglaset med myntar fortener å verte nemnde, dei samlar pengar heile året til denne jolemessa. Når dei har vore på butikken, legg dei myntane dei får att i glaset, og det vert mykje pengar å kjøpe lodd for når basaren endeleg skal gå av stabelen. Så har dei jo vunne ein del opp gjennom åra. I fjor vart det 23 gevinstar i løpet av dagen.

I år skal Byglandsfjord Barnekor og Evje Musikklag vere med. Talar vert Mathias Mjølhus, som har vore misjonær i Tanzania. Han har og skrive bøker frå Tanzania, mellom anna ei som heiter Mangati, Tanzanias krigerske nomader og Korset på Kibo – Skisser fra misjonærlivet i Tanzania. Det er mange år sidan dei kom ut, så det er ikkje sikkert at dei er å finne andre stader enn i antikvariata no, men eg hugsar at eg las den fyrste av desse med stor interesse i 1972 då eg var redaktør av Fiskerens Venn og fekk bøker til omtale i bladet. Siste boka han har gjeve ut, kom i 1983 og heiter Mara – nybrott i Nord-Tanzania. No kjem han altså til Rysstad for å inspirere til misjon og evangelisk arbeid.

Det bør bli ein triveleg dag på Soknehuset.