Kyrkjemusikalsk variasjonskveld

Share

Når Niklos K. Besteland lagar program, likar han å starte med noko som er svært gamalt og så ende i moderne tid. Det gjorde han i kveld og. Heinrich Schütz (1585-1672) var den første denne kvelden. Westf¨lischer Kantorei dirigert av Wilhelm Ehmann song Kommt her, des Königs Aufgebot, eit nydeleg verk.

Så kom ein orgelkoral av Gottfried Auggust Homilius (1714-1787). Den heitter Straf mich nicht in deinem Zorn. Det var Gunnar Nordenfors, og han spelte på orgelet i Västerås domkyrka.

Kveldens høgdepunkt var Dies Irae et Tuba Mirum av Guiseppe Verdi (1813-1901). Det var dramatisk og storslått musikalsk og skildra dommedagsbilete både kraftig og målande. Den ungarske stats operakor og orkester dirigert av Pier Giorgio Morendi med bass-solisten Carlo Colombara var utøvarane.

Som kontrast til dette hadde Niklos funne to religiøse folketonar i Åseraltradisjon. Det var evangelisten Johannes Daasvand som song, han var ein av grunnleggjarane av bladet Evangelisten i 1911. Songane han song var Vår brudgom ei lenge nu borte vil blive og Himmelske Fader, din hjelp mig forløse.

Som siste verk i kveld hadde han funne eit orgelstykke, Largo, som er tredje del av suiten Forvandling i tre deler av den danske organisten Peter Møller (1947-1999). Domorganist Birgitte Ebert, som var den fyrste danske domorganisten, spelte på orgelet i Ribe domkyrkje.

Her var det komposisjonar i eit spenn på nærare 400 år. Alle var relatert til siste søndag i kyrkjeåret, den som og kallast domssøndagen.

Då eg køyrde Niklos heim til Besteland etter sendinga, reflekterte han over at neste program han skal ha, vil kome i adventtida:
-No har vi halde på i 13 år, og det er utruleg kor fort tida går. Plutseleg er eit semester gått, og slik har det i grunnen vore sidan eg starta med desse programma. Å lage dei er ei glede og ein hobby som gjev meg mykje, og det er rart å tenke på at vi har halde på så lenge og det vil verte eit sakn om vi ikkje lenger skulle lage desse Postludium-programma, meinte han.