Adventfeiring

Share

Onsdgaskvelden var Sissa Ringstad i studio og fortalde om adventsmarkeringa som skal vere komande helg. I Hylestad er det tradisjonell markering med gudsteneste klokka 16, og når den er slutt, er det fakkeltog til Setesdalsmuseet, der det er joleverkstad for borna og høve til å kjøpe kaffe og mat. Dette er eit arrangement som har lang tradisjon og stor oppslutning. I år står konfirmantane for mykje av gudstenesta, som har form av ei lysmesse.

I Valle fylgjer ein og tradisjonen. Eit fakkeltog startar i sentrum og går opp til Valle bygdeheim. Deretter går ein til kyrkja. Utanfor kyrkja vert det servert kakao og bollar, og så er det adventssamling med gruppa Tidløs inne i kyrkja etterpå.

Men denne helga er spesiell, kunne Sissa fortelje, for Normisjon har jolemesse laurdag. Alt fredagskvelden startar ein med møte i Menighetshuset ved Inge Flåt klokka 19.30. Laurdag vert det opning klokka 12, andakt klokka 13, familiemøte med song av familiekoret klokka 16 og trekning klokka 17. Sissa fortalde at det heile skulle avsluttast med gudsteneste i Valle kyrkje klokka 11 sundag.

Når ein så veit at ein alt fredag opnar julegate på Rysstad med marknad og stor aktivitet, så kan ein vel trygt seie at inngangen til adventstida vert markert sterkt i kommunen. Og då var det greitt å omtale det i Valle Radio.

Du kan lese om onsdagsprogrammet i Valle Radio på Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101124