Flyktningar i Valle

Share

Onsdagskvelden hadde vi ein interessant time i Valle Radio. Klokka 19:30 kom Guro Nordli Solbakk og fortalde litt om Flyktningar i Valle i eit historisk perspektiv. Dei fyrste flyktningane kom til Valle i 1996, og i løpet av åra har det vore mange nasjonalitetar innom.

Vi laga eit ekstraspørsmål der folk som ringde inn under Opi sending kunne svare på kor mange som har budd i Valle desse åra, og svaret skulle vere 151 etter den opptellinga ho hadde gjort. Torjus Homme tippa 190 og kom dermed nærast, så han fekk konfektøskja.

Guro nemnde folk frå ex-Jugoslavia, kurdarar frå Iran og Irak, folk frå Afghanistan og einslege mindreårige arabarar frå Irak. Etter kvart reiste dei, fekk seg bustad nær familie og venner, særleg i området rundt Oslo, men også Fredrikstad, Moss og Kongsvinger var stader dei reiste til. Eit hovudproblem har vore at det har vore vanskeleg å få arbeid i Valle for flyktningane.

Den siste store gruppa er karenarar frå Burma, i sommar kom det og folk frå chin-gruppa i Burma, så no er dei aller fleste flyktningane i Valle burmesiske.

Guro hadde avtalt med ein av dei som var i Valle på 1990-talet at vi kunne ringe til han. Salih bur med familien sin i Skien og arbeider som morsmålslærar i halv stilling der og i halv stilling som lærar i Porsgrunn kommune. Vi hugsar han frå jobb han hadde i Valle med å registrere bøker inn i biblioteket sitt datasystem, han jobba og i barnehagen. Han fortalde at han kvart år var ein tur i Valle og besøkte vener dei hadde fått medan dei budde her.

Guro fortalde og noko om busituasjonen for flyktningane. Den fyrste tida budde det flest folk på Rysstad, og då var også norskundervisninga der. Men då norskundervisninga fekk plass i det gamle kommunehuset, var det mest rasjonelt av omsyn til transport at flyktningane budde i Valle. I fleire år budde folk på Øyne, men også det var ei utfordring i høve til transport når dei ikkje hadde bil, så etter kvart har dei felste fått bustad i Leite og nær sentrum.

Den siste halvtimen var Htoo Thaw David i studio. Han er kvoteflyktning frå Burma og budde 12 år i flyktningleiren Mae La i Nord-Thailand før han kom til Valle. No trivest han godt i Valle og har jobb som reinhaldar på Valle vidaregåande skule.

Det vart ein svært interessant time i Valle Radio denne kvelden.