Bygdeutvikling

Share

I nokre samanhengar har eg diskutert bygdeutvikling. Det har mange fasettar og kan ikkje løysast etter ei oppskrift. Vi las i Setesdølen før helga at Iveland har gått forbi Valle i folketal, det var det vel få som hadde trudd då eg flytta til Setesdal i 1991. Men så har det skjedd likevel. Nærleik til byen hjelper, men dei har og fått på plass nokre tiltak som har medverka til dette. Nederlendarar som har fått gode tomter og funne ut at dei kan leve det gode liv i Iveland er eit av desse tiltaka.

I Bygland har dei visst gått bort frå tanken om å rekruttere innflyttarar frå Nederland. Det var i alle fall noko slikt eg høyrde ordføraren der seie i radioen før helga. Dei har og avvikla Bygland – best å bu i som prosjekt, men meiner at slagordet kan vere nok til å halde fram ein god trend. At det kom aktivitet på Landeskogen sparte kommunen for fire millionar som dei hadde sett av til å rive dei store bygningane, var rein vinning.

Det er eit spørsmål om ein eigentleg vil bygdeutvikling og. Om ein ikkje vil ha utvikling, skjer ho nok likevel, men då kjem det seinare. I Danmark har dei ei rute for turistar som dei kallar Margerittruta. Ho er skilta med små skilt av margerittar og skal leie turistar som ikkje vil køyre fort forbi. Om dei fylgjer margerittruta, kan dei få opplevingar dei elles ikkje ville hatt. Kanskje dei til og med vil stoppe litt i bygdene.

I Valle har vi etter at vegen vart lagd utanfor sentrum nok sukka litt over at så mange køyrer rett forbi. Vi som går i sentrum dagleg, synest det er eit triveleg lite bygdesentrum og tenkjer nok at vi gjerne kunne delt det med fleire, i alle fall tenkjer nok kjøpmennene det.

Truleg kunne vi laga ei Margerittrute i Valle – vi burde vel helst kalla henne bergbruskeruta etter kommuneblomen vår. Men kva kunne vi syne fram? Det vil eg skrive meir om ein annan dag. Imens kan du tenkje på det og gjerne gje meg innspel på harhaugl@gmail.com
Kanskje det kan bli eit program i Valle Radio av det etter kvart.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *