Diktkveld

Share

I nokre veker no har eg hatt diktkveldar i Valle Radio. Det har vore ei god oppleving å leite fram dikt og å lese dei og finne noko musikk som kan høve. Eg har vald å bruke lokale diktarar sine dikt, gjerne episke og i alle fall med rim og rytme. Med lokale diktarar meiner eg diktarar som har gjeve ut bøker på Setesdalsforlaget, dei treng ikkje alltid vere frå Setesdal, men eg har nytta dikt av Hallvard Eldhuset meir enn dei fleste.

Djupt gjennom berg det hjalar kom ut på Setesdalsforlaget i år. Det er blitt ei bok som eg finn stadig nye dikt i, dei er interessante og rike i språk og innhald. Difor er det ei glede å kunne nytte desse dikta i Valle Radio. Eg vonar at lesarar og lyttarar som er glade i dikt, skaffar seg boka. Ho er vel verd å gjere seg kjent med.

I diktkvelden siste kvelden i november vil eg lese fleire dikt av Hallvard Eldhuset. Eg vil og lese Under ei lågare sol av Svanhild Londal Lervik og Andakt av Olav M. Holen. Om det vert tid til det, vil eg og lese eit dikt av Elias Blix. Hans dikt er songar eller salmer, og dette heiter Kom og kjenn den store gleda. Eg legg det ut her, så kan du nyte det i adventstida:

Tone: O, du store Seierherre

Kom og kjenn den store Gleda,
Som alt Folk paa Jordi gjeld!
Kom og høyr Guds Englar kveda
Sæle Ord um Jolekveld!
Dei deg lovar fager Lagnad,
Mannaætt i Sud og Nord!
Herrens Hugnad, Fred og Fagnad
Lovar dei den fallne Jord.

Jordi høyrer Jolesongen,
Trui grip det gode Ord.
For vaar Hjarta kjenner Trongen
Til Guds sæle Fred paa Jord.
Sjaa den Folke-Heren fara
Kyrkjeferd so glad og nøgd,
Dei vil Englesongen svara:
Æra vere Gud i Høgd!

Høyr den Ljod i Kyrkjeklokka,
Denne klaare Helgarklang!
Høyr, ho vil deg ljuvleg lokka,
Kalla deg til Kyrkjegang,
Vil at du skal Jesus prisa,
Um endaa di Røyst er veik,
Vænt med heilag Song og Visa
Og med hugleg Harpeleik.

Høyr dei Barnerøyster syngja
Jesu Lov or Hjartans Grunn!
Sjaa dei gamle upp seg yngja,
So dei syng med Barnemunn!
Alle vil den store Gleda
Syngja ut med all sin Dug,
Yndeleg fyr Herren kveda
Lov og Takk med heilag Hug.

Sjaa, all Skapning med vil vera
I den store Helgarkor!
Stjernehimmelen kann bera
Lovsong fram i gyllne Ord.
Jordi kann seg fagert fjelga,
Skinande i kvite Skrud.
Dei seg vil fyr Herren helga,
Dei i Ljos vil lova Gud.

Me som er Guds Ætt paa Jordi,
Systkin smaa til Jesus Krist,
Lat oss daa dei Engleordi
Syngja glad som Fugl paa Kvist!
Fraa kvar Kyrkja, fraa kvar Stova,
Hovdings Borg og Hyrdings Bud,
Alt vaart Liv lat Herren lova!
Det er yndig Song for Gud.

Elias Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900), 16-18

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *