Englevakt

Share

Fredag hadde eg med meg to burmesarar og den vesle dottera deira på knapt eit år til Evje. Dei skulle vidare til Arendal, og difor kom det ein burmesar med bil for å hente dei på Evje. Eg sette dei av og tok fatt på siste del av turen min til Mandal, der eg hadde helga som vanleg.

Då eg kom tilbake på skulen måndag morgon, fekk eg høyra at turen over heia mot Arendal ikkje hadde vore så enkel som min tur til Mandal. I Froland hadde det kome ein lastebil mot dei. Den fekk sleng i ein sving, og bilen med burmesarane havna i grøfta for å unngå å kollidere med lastebilen. Airbagane løyste seg ut for dei i framsetet, men dei i baksetet kom heller ikkje til skade. Men bilen vart mykje skadd. Måndag vart han kondemnert, så no må det vel handlast ny bil.

Men folka kom uskadde frå hendinga, og det er i grunnen det viktigaste. Sjåføren vart med bergingsbilen tilbake til Evje, der fekk han leigebil, men då køyrde han om Kristiansand for å kome til Froland og hente dei som var stranda.

Vi snakka ein del om å ha uhell i trafikken med elevane på Valle Vaksenopplæring etter dette. Mange ynskjer å få seg førarkort, bil er jo naudsynt når ein bur i Valle. Men det fylgjer ansvar og uhell med det, dei fleste av oss har hatt opplevingar som har vore prega av at ein hadde englevakt og kom frå det med helsa intakt.

Etter mi meining er det noko å takke for ein tysdagskveld i november.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *