Menighetshuset i Valle

Share

Før ferien kjøpte kommunen Menighetshuset i Valle. Tanken var at det skulle verte næringslokale for Bleieboden, men av ein eller annan grunn, Tina sa at ho merka reaksjonar i bygda, valde Bleieboden å kjøpe Bergtun Hotel av Valle Sparebank. I fleire veker i haust har det blitt arbeidd og fiksa på det gamle hotellet for å gjere det tenleg til det nye føremålet.

Mange har lurt på kva som no skjer med Valle Menighetshus. Ein legg merke til at sundagsskulen har flytt til Vonheim og tradisjonelle møte er det lite av. Vi legg og merke til at møta med Elin Fagerbakke, som før var i Menighetshuset, er flytte til kyrkja eller kommunestyresalen.

Difor vart overraskinga stor då eg høyrde på sendinga i Valle Radio sauesjådagen. Eg var i Mandal, men etter det eg forstod var ikkje veret særleg godt, og plutseleg sa ein av dei som vart intervjua at han ville på Menighetshuset og få seg suppe og eplekake.

-Dei sa jo at dei skulle ha basaren i eit telt nede ved Motellet, kva har hendt, tenkte eg

Sidan fekk eg vite at vinden hadde teke teltet, og i dag fortalde Torleif Homme at ein av dei som var der i samband med Bygdekvinnelaget sitt arrangement hadde nøkkel til Menighetshuset, så ho sa, vi flytter alt opp til Menighetshuset, slik som det pleier å vere.

Og slik vart det: Stinn brakke på Menighetshuset, såsså så det allstødt ha’ vori.

Onsdagskvelden fortalde Åse Rike at Normisjon si jolemesse vert i Valle om eit par veker, laurdag 28. november, trur eg det var. Då tenkte eg, -Kva skjer med Menighetshuset. Har ikkje kommunen kjøpt det likevel.

Den som plar vite alt i kommunen, det er Torleif Homme. Men han visste ikkje heller. Dermed tok eg ein telefon til Bjørgulv T. Berg, det var han som intervjua Åse Rike onsdagskvelden. Og han kunne fortelje at det er kommunen som eig Menighetshuset no, men Soknerådet/ Fellesrådet har fått lov å ha arrangement der fram til 31. desember 2010. Difor kan jolemessa vere der. Om nokon vil låne huset, må dei snakke med Sissa på kyrkjekontoret, kunne han fortelje.

Dermed kan karenarane i Valle spørje Sissa når dei lurer på om det er råd å få låne Menighetshuset til karensk nyårsfest 31. desember. Her er lenke til onsdagssendinga i Valle Radio med stikkord for det dei snakka om denne kvelden:

http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20101110

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *