Valle skule og Valle Radio

Share

Onsdagskvelden hadde eg med rektor Trond Støle i Aktuell time. Han fortalde om foreldreundersøkinga som skulen har sett i gang. 71 heimar har fått kode slik at dei kan gå inn på Internett og svare på ei undersøking som gjeld trivsel og andre spørsmål som er relevante for skulemiljø og foreldresamarbeid. Til no var det eit fåtal som hadde svart, og svarfristen var midt i desember, så det var viktig for skulen å minne om at folk måtte svare. Om ikkje eit fleirtal av foreldrene svarer på undersøkinga, vert ho lite relevant og det er vanskeleg for skulen å setje inn tiltak der dei bør setjast inn.

Valle skule er oppteken av kvalitet både i fag og sosiale relasjonar. Men Trond vedgjekk at det lett kan oppfattast som om dei er ein stat i staten, for det er ikkje mykje som kjem ut frå livet på skulen til bygda rundt skulen. Han tok difor gjerne mot innbyding til å kome i Valle Radio og fortelje om saker som er aktuelle på skulen. Han kunne fortelje om ein kombinasjon av dragar og matematikk og andre fag, der elevane på ein matte- og dragedag jobba med dragar på mange ulike vis. Dei har og fått prøve seg som designarar. I to veker har det stått ei utstilling om tradisjon og design på skulen. Den fortel om norsk designhistorie, dette var i regi av Den kulturelle skolesekken. Endeleg fortalde han at det var vald verneomod blant elevane, og då dei gjekk vernerunde i haust, var også denne eleven med i tillegg til verneombodet for dei tilsette og han sjølv som leiar.

Dei nasjonale prøvene ville han kome tilbake til. Det sa eg meg glad for. Vi prata litt saman før sendinga starta. Då tok eg opp det at skulen står for mange aktivitetar som er aktuelle for mange innbyggarar i kommunen. Dei fortener å verte gjort kjent på fleire måtar enn ved rundskriv til heimane. Etter mi meining må skulen vere aktiv i media for å fortelje om det dei held på med. Slik kan han få den sentrale plassen han fortener.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *