Takk for 2010

Share

I løpet av 2009 har de vore inne på bloggen min om lag 12000 gonger og sett på om lag 26.000 sider. I året som gjekk har eg skrive om lag 300 innlegg, til saman ligg det 2390 blogginnlegg på bloggen. Eg starta å skrive i oktober 2005, så eg har halde på i over fem år, og med om lag eitt kvar dag, så blir det ganske mykje tekst etter kvart.

Difor vil eg takke dykk som les det eg skriv. Det meste handlar om Valle Radio, men eg skriv jo og noko om det eg held på med på wikipedia. Eg burde nok og skrive meir om Setesdalswiki, det får vere eit mål i 2011, men det primære er å skrive om programma i Valle Radio. No er det ikkje slik at eg har høve til å høyre alt, så noko vert omtala meir tilfeldig og sporadisk, men gjennom åra får ein eit godt tverrsnitt av det som har vore oppe i radioen.

I året som gjekk har eg og utvida dekninga av radioen sitt stoff, slik at det no er meir om programma på Setesdalswiki. Der finn ein og meir informasjon om deltakarane i programma, i den grad eg klarar å fange det opp, då. Målet er jo at det skal vere ei kjelde til informasjon i Setesdal, meir slik at ein skal kunne slå opp informasjon der, og ikkje slik at den forsvinn i det historiske mørkret med tida.

I joleferien har eg lese litt i gamle utgåver av Setesdølen, og det slår meg kor fort ein gløymer, bare eit år etter at noko har skjedd, er det borte i den store haugen av det ein har høyrt om, men ikkje kan tidfeste og ikkje heilt kan plassere. Det digitale minnet kan hjelpe oss noko med det. Særleg på Setesdalswiki skulle eg ønskt at felire var med og skreiv, slik at det fortare kunne bli ei slik kjelde. No er det knapt 650 artiklar der, det brude vore mykje meir, men alt no ser eg at det er ei god hjelp til å fange idear og tankar.

Så vonar eg at vi får eit godt år i året som kjem. Om helsa held og ein får litt respons, så vil eg prøve å halde skrivinga i gang også dette året. Takk for at du les det eg skriv, det ville ikkje vore så artig å skrive om ingen las.

Godt nytt år!

Biografiar

Share

Biografiar er nyttig lesestoff. Av den grunn er det mange biografiar i wikipedia. Den norske utgåva har satsa mykje på å få på plass biografiar over folk. EIn ting er at vi har biografioversikter frå Hvem Hva Hvor, dette leksikonet som kjem ut kvart år. Vi har lov å legge inn listene, men ikkje skrive av artiklane. Etter kvart er det blitt ganske mange artiklar av dette, av dei 2417 namna vi hadde på den lista, manglar no bare knappe tre hundre. I tillegg har wikipedia svært mange fotballspelarar og andre sportsutøvarar, forfattarar og musikarar, har ein spelt på ei plate eller skrive ei bok, bør det vere artikkel på wikipedia. I løpet av ei veke vert mange sletta også, wikipedia har relevanskrav som gjer at ikkje alle som har lyst å verte omtalt på wikipedia, kan få artiklar der. Kravet er at ein har nasjonal interesse, då vert det få som får vere med i det gode selskap.

For eit par år sidan var eg med på Setesalskonferansen. Det var Setesdal Regionråd som arrangerte, og på slutten av konferansen kom det opp eit ønske om at vi burde hatt ein stad der ein kunne finne informasjon om alt som finst i Setesdal, dei fire kommunane er på mange måtar ein region som heng saman, men ein kjenner få utanom eigen kommune og omgangskrins. Det var då eg fekk den glupe ideen at vi kunne lage ei wikipedia for Setesdal, og når ein har ein ide på ein slik konferanse, vert det ofte til at ein får i oppgåve å gjennomføre den. Slik skjedde det også denne gongen.

No var eg heldigvis noko betre stilt enn mange andre. Son min hadde sett seg inn i dataprogrammet som driv wikipedia, det heiter Mediawiki. Og eg hadde skrive ein del på wikipedia på bokmål, så eg visste noko om korleis slike artiklar skulle vere. Dermed gjekk vi i gang, og no er det over 600 artiklar i det regionale leksikonet. Her kan du finne biografiar om folk som bur i Setesdal, eller kanskje skal vi seie Indre Agder, for Iveland og Åseral og andre bygder sine folk kan og finnast. Grunnen til det er at artiklane i stor grad baserer seg på stoff frå Setesdølen, og når dei har ein høveleg omtale av ein person, kan det godt skje at eg lagar ein artikkel til Setesdalswiki også.

Målet er at det med tida skal vere biografiar om folk som er i lokale media, slik at ein skal ha ein plass der ein kan få vite kven dei er, dei ein les om i avisa eller møter i Valle Radio. Difor skriv eg inn overskriftene i siste Setesdølen, dermed kan folk som er på ferie fylgje med på kva som rører seg i heimbygda via internett. I det nye året vil vi ha 1000 artiklar, så vi er godt i gang.

Som på wikipedia kan alle skrive på Setesdalswiki. Velkommen med du også.

Sprekaste 70-åringen i Valle

Share

Eg held på å skrive inn overskrifter i Setesdølen for Setesdalswiki. I dag kom eg over ei avis eg hadde teke vare på, ho var frå 12. juni 2009, Overskriftene i denne avisa kan du lese her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Setesd%C3%B8len_nr._45,_2009

Ofte kan slike gamle Setedølen-eksemplar gje opplevingar der gamalt nytt blir like godt som nytt nytt. Ofte skuldast det at ein legg avisa til sides fordi ein ikkje hadde tid til å lese ein artikkel på ei heil side, men dei små notisane frå ein jo med seg. Den som fekk overskrifta Sprekaste 70-åringen i Valle, var Gyro Storerein, Gyro K. Homme på Valle Radio-språk. For ho er ein kjendis i Valle Radio, sjølv om ho ikkje har vore med i program så vidt eg veit.

Gyro K. Homme sponsar Valle Radio med premiar til mest kvar einaste Opi sending. Vi har liggjande ei heil hylle, minst, av gåver som ho har gjeve for å vere premiar i Open sending, “Bare ein kvar gong”, seier ho. Men innimellom kjem ho med gåvekort, gjerne på 10 kg sukker eller noko anna nyttig. Dermed får vi ikkje brukt opp det som ligg på hylla.

Då Valle Radio var ny, var det mange som sponsa radioen med premiar, men Gyro K. Homme er den som har halde ut lengst. Tid om anna får vi nokre gåver frå ulike firma, gjerne slike som har reklame hos oss og som gjev oss noko ekstra slik at vi nemner namnet deira i sendingane våre. Dei tenkjer på at når dei reklamerer hos oss, får dei kunder. Men Gyro Storerein skal ikkje selje noko og sponsar ikkje Valle Radio for å få noko att. Ho lever nok meir etter mottoet: Den største gleda ein kan ha, det er å gjere andre glad.

I fjor måtte ho slutte på vaskeriet til Valle Bygdeheim, der ho arbeidde i mange år. Ho vart 70 og kunne ikkje halde på lenger. Så vart det avskilsfest for henne og mange takkens ord. SJølv ville ho helst halde på lenger, men systemet er blitt slik at ein må stoppe når ein fyller sytti. I intervjuet med Ole Birger Lien i Setesdølen seier ho at “det er vemodig og rart å tenkje på at ein skal gå av avdi regelverket reknar ein for gamal, for eg kjenner meg ikkje gamal i det heile.”

Fødd i Homme, men då ho var ti år gama, flytta familien til garden Storrein i Tveitebø. Derav kjem kallenamnet. Ho var einebarn og arbeidde i lag med foreldra på garden. Sidan fekk ho seg jobb på bensinstasjonen i Valle, det var i den tida dei hadde turistar der. Ho hadde ansvar for å gjere klar rom og å gjere reint. Men etter kvart tok ho og til å arbeide på Valle Bygdeheim, så då jobben på bensinstasjonen gjekk opp i røyk i samband med at bensinstasjonen brann, hadde ho alt ny jobb. Den vart ho verande i, det er alt fleire år sidan ho fekk gullklokka frå Valle kommune.

No er ho altså pensjonist. I Valle Radio treng vi pensjonistar, og Gyro er ein trufast lyttar til sendingane våre. Når det høver slik, får vi som lagar programma, gode ord med på vegen. Slike lyttarar treng vi, og vi likar å ha dei. Takk for innsatsen for Valle Radio, Gyro.

Gledeleg jol eller jul

Share

Eg har lagt merke til at Setedølen vinglar litt, nokre gonger skriv dei jol, særleg om det er noko som skjer i øvre delen av dalen (men ikkje på Hovden), andre gonger skriv dei jul, særleg om det skjer nederst i dalen. Slik avspeglar avisa dialekten, så tema for Martin Skjekkeland si bok Dialektlandet, som kanskje låg under nokre juletre i år, er sikkert ganske så aktuelt. Dermed var Setesdølen aktuell som hadde eit heilsides intervju med han i julenummeret, og Valle mållag er like up to date når dei har han som gjestetalar på jolemøtet dette året.

Setesdølen nummer 105 var forresten ganske så interessant, det var fleire stykke av Erik Kjebekk der, han skreiv om juleheftene. Mellom dei mange kristelege julehefta nemnde han og Fiskerens Venn, då var eg på heimebane, for eg var redaktør for det tidleg på 1970-talet. Erik Kjebekk hadde forresten ei god historie der som eg trur eg vil sitere:

På Åvitsland budde ungkaren Sven. Han budde på eit loftsrom i enkle kår. Men det var svært populært for oss ungane å vere saman med Sven. Han var nemleg grei med oss og lærte oss mange skrøner og leikar. Men han likte ikkje når me kom og ville selje “Fiskerens Venn” til han. Når me sa den tittelen, la me vekt på å uttale den “Fiskeren Sven”. Sven forstod godt at me var ute etter å halde ap med han. Han vart naturleg nok litt sinna og jaga oss på dør. Me lo og ramla ned trappa og kom oss ut på tunet. Sven var ikkje langsinna. Det gjekk fort over. Og så var alt like gildt som før.

Eg skreiv ein artikkel om Erik Kjebekk på Setesdalswiki i dag, Du finn den her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Erik_Kjebekk

Den er bygd på artikkelen om han i wikipedia, som eg og skreiv for ei tid tilbake. Og har du ikkje sett kva titlane på artiklane i Setesdølens jolenummer var, kan du lese det og på Setesdalswiki. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Setesd%C3%B8len_nr._105,_2010

For den som ikkje har avisa no i juleferien, men er interessert i emnet, er det jo ganske greitt å få eit oversyn gjennom overskriftene. Lese artiklane, det må du gjere i papiravisa. No i jola kan det vere interessant å få med seg noko av det ein ikkje fekk lese så grundig i førjulstida, om ein no har teke vare på avisa.

Jolekveld 2010

Share

Rikt velsigna var opplevinga av jolekvelden 2010. Meir gåver enn ein kunne tru var råd når to personar saman feirar ei stille jol utan barn og barnebarn. Og samstundes glede over fellesskap med kvarandre ei slik stille jolehøgtid.

Tankane våre gjekk til alle våre rundt om i landet. Nokre har vi fått jolebrev frå, andre har vi sendt til, og jolekort og helsingar i høve høgtida gjev ein ekstra dåm til fellesskapet. Ettersom vi var toeine, kunne vi få med oss konserten med Sissel Kyrkjebø og Odd Nordstoga. Der var Daniel med felene sine og gitar, eg veit ikkje heilt kva han ikkje hadde. Vakkert var det, joleplata som var ein salgssuksess i fjor kunne godt høyrast som tv-program i år.

Og så var det andre opplevingar ein kunne få med seg. Til vanleg pleier Tre nøtter til Askepott å vere fast innslag på jolekvelden her i huset, men i år var det bare små brot. Men jolegrøten på føremiddag, den tradisjonen heldt vi fast på, denne gongen etter at Reidun hadde vore på Mandal sjukeheim eit par førjolstimar. Marsipangrisen hoppa vi over, og etter kvart vart det tid for det vanlege programmet med ribbe og jordbær, krumkaker og krem. I dei fleste husa er det vel enkelte av jolekakene som er spesielt populære, hjå oss er det i tillegg gtil krumkakene også nokre kaker med sjokolade og nøtter. Og kransekake hadde vi vunne på ei jolemesse tidlegare i haust, no vart ho spretta og nytt til kaffe og messe frå Peterskyrkja på TV2.

Nokre telefonar med takk for jolegåver vart det og høve til, men barnebarna fekk vi ikkje kontakt med, dei hadde dukka ned i Nintendo-spel og måtte ikkje uroast. Slik gjekk kvelden i Mandal, gjeldeleg jol til alle som les bloggen min, og takk for at du les.

Lisle jolekvelden 2010

Share

10 minusgrader ved kysten gjer at ein ikkje har så lyst til å ta seg ein tur til Mandal, men etter å ha utsett julegavehandlinga så lenge som råd, var det ikkje noko bønn lenger. Sjølv om vi skal feire jolehøgtida aleine, må ein jo søme seg. Eg skjønar godt folk som gjer unna jolehandlinga på Internett. Men då må ein vere ute i god tid, og eg er som regel i siste liten. Meir einn ein jolekveld har eg måtta ta turen ut for å sinne noko – trur nok at ungane sukkar litt over den håplause faren dei har når det gjeld jolegåver.

Men jolebrevet kom no av stad i dag, elektronisk flaug det til aust og vest og nor og sør. Ikkje så fancy som mange andre lagar det, men ei tettskriven side med tekst vart det. Bileta er ikkje mi sterke side, så dei utelet eg. Eg har jo fått nokre slike pdf-filer som eg skal skrive ut og legge saman med andre jolebrev, men når ein ikkje har windows på datamskina, er det av og til litt vanskeleg å få det til å fungere. Så eg gjorde det enkelt for meg sjølv.

Men så var det turen til byen, då. I Mandal er det ein butikk som har gratis parkering i 45 minutt på taket, og då eg kom der i ettermiddag, var det bare ein bil på taket, så folk må ha gjort frå seg jolehandelen. Eg spurde Reidun om det var noko eg skulle kjøpe, det einaste ho mangla, var ein kilo sukker. Dermed svinga eg ut av butikken for å finn jolegåve til henne og til meg sjølv: Bøker er den beste jolegåva, det er eit gammalt ordtak nærast, så Bok og Media tvers over gata måtte bli staden.

Eg veit ikkje om Annemor Sundbø les bloggen min, ho har vore med meg i Valle Radio ofte, og då eg tok joleferie, svinga eg innom Ose for å sjå om ho var der, men det var ho ikkje. I fjor var eg så heldig å få autografen hennar i ei av bøkene og mor har strikka mønster frå den boka til dei fleste jolegåvene ho har gjeve i år. Så eg tenkte at eg kanskje skulle finne boka hennar der. Om eg gjorde det? Så langt eg kan finne ut er den boka utseld på Bok og Media i Mandal.

Eg skulle nok heller ha vore i Valle til i dag. Då hadde eg fått høyre Valle Radio, eg kunne lufta vitet i sentrum mellom klokka 17 og 18 og kanskje vunne premiane i lotteriet. No såg eg på Facebook-sidene til Valle Radio at turnuslegen vår, August Gillebo, vann hovudpremien, som var ein kaffemaskin, og Gerd Astrid Åkre vann ein iPod. Eg gratulerer dei så mykje.

Nokre gonger har eg teke turen til Lyngdal lisle jolekvelden. Der har dei ein tradisjon med å samlast i kyrkja klokka 22. Men i år var det for kaldt. Eg held meg innomhus og nyt kvelden etter eit nydeleg lutefiskmåltid. Toeine ser vi fram til å feire jol saman, bare oss to, for fyrste gong. Det var vel på tide.

Blogging

Share

Det er ikkje ofte eg ser på TV, men i kveld sette eg meg til etter nyhetene klokka 21, det var House som stod på programmet, og episoden vart introdusert til å handle om blogging. Då tenkte eg at når eg har skrive snart 2400 blogginnlegg, er det kanskje noko interessant.

Det var det jo og, House er jo ein type serie med mykje medisin, og det var ein bloggar som vart sjuk, og så var det å finne ut kva ho feila. Det spesielle med henne var at ho blogga heile livet sitt, ho skreiv om sjukdommen og spurde dei som las bloggen hennar om ho skulle få ny hjarteklaff av plast, og dermed ikkje kunna få barn, eller av grisehjarte, då kunne ho få barn, men klaffen måtte bytast etter ti år.

Min blogg er nok ikkje av den typen, han heiter Valle Radio Blogg, og det legg etter mi meining føringar, du som les det eg skriv, får nok eit visst innblikk i kva eg er oppteken av, men det er grenser for kva eg skriv om.

Bloggar kan vere så mangt. På blogs.no er det mange strikkeoppskrifter og mange som legg ut bilete. Når eg lagar sangkveld-program i Valle Radio, har eg stor glede av salmebloggen til Leif Haugen, han bloggar om salmer og songar. Kjell Ingolf Ropstad bloggar om politikk, det gjer Torbjørn Røe Isaksen også, den fyrste om KrF, den andre om Høgre. Eg veit ikkje kor mange som fylgjer dei, eg har 21 som får bloggen min som epost, og om lag 50 som er innom i løpet av eit døgn for å lese det eg skriv. Eg er nok ikkje den bloggen på nettstaden som har flest lesarar, men truleg er eg ein av dei flittigaste til å skrive, det bør helst vere eit innlegg på bloggen dagleg, synest eg.

Men altså ikkje om meg sjølv, men om program i Valle Radio og tankar og idear eg høyrer i radioen eller som kjem i samband med at eg lagar program. Difor vil du nok aldri få spørsmål om kva eg skal gjere i høve til å velje behandling på sjukehuset. Og når eg spør på bloggen, er det for det meste den store tausheten som ruger. På desse åra, med nærare 2400 innlegg på bloggen, har eg bare fått 75 kommentarar.

Truleg får eg ikkje nokon kommentar på dette innlegget heller. Men eg skulle likt å hatt ei oversikt over bloggarar i Setesdal, det hadde vore grunnlag for ein artikkel på Setesdalswiki om eg hadde fått nokre meldingar om slikt.

Program for lisle joleaftan

Share

Dette fekk eg i posten i går frå Ørnul Hasla. Det kom ikkje med i tysdagsavisa, men om neste avis kjem torsdag, så finn du det kanskje der:

Programmet for torsdag 23 desember

17.00-18.00:
Direkte sending frå Valle sentrum, med trekning av valle sentrum sitt jolelotteri

18.00-19.00:
Tankar frå bibelen V Torleiv Harstad, Håvard Viki, Bjørgulv T. Berg

19.00-20.00
Dagen før dagen V/Bjørgulv og Ørnulf

20.00-20.45
Baking i Sygard Kveste, Vi treffer Mona, Kristin, Walborg og Helene

20.45-21.oo
Ordførar Bjørgulv S. Lund ynskjer God Jol

21.00 Jolemusikk til arbeidet lislejolekvelden

Teknikarar: Torleiv Soltun og Jørund G. Jore

VALLE RADIO YNSKJER ALLE EI GOD JOL.

Liv Bakke Kvinlog på TV

Share

Det er ikkje kvar dag ei vallejente er på TV, men Liv Bakke Kvinlog var med i filmen Uteliggernes sang som vart vist på NRK2 i går kveld klokka 20. Filmen gjekk i reprise i dag og då såg eg han og vart djupt gripen. Det var omtale i Setesdølen fredag. Eg siterer frå den:

Det er Liv Bakke Kvinlog som har teke initiativet til at tre uteliggarar i Oslo skulle spele inn plate. Det har dei lukkast med, men det var ein tøff jobb å få dei fram til studio. Liv har samordna det heile, og fått fram eit resultat som både ho og uteliggarane har grunn til å vere stolte av.

Takka vere Hilde Skofteland i Skofteland Film AS med røter frå Lindesnes, har det blitt ein flott film av dette. Filmen hadde premiere som open visning i Oslo i sommar. Premieren var på Karl Johan, midt mellom Stortingeet og Slottet, symbolsk nok. Der er der eit par av aktørane i filmen har tilhald. Det kan vere noko å tenkje på i kuldeperioden me alle har vore igjennom i det siste.

Filmen er også laga som DVD og er til sals i Platekompaniet i butikk og på nettet, og kan kanskje vere ei fin jolegåve – med meining.

Det var ein film som rørte den som såg. Her var dei gode dagane og dei tunge dagane, den eine uteliggaren omtala heroinen som medisin – han måtte ha fem “skudd” kvar dag for å halde det gåande. Vi fekk og sjå korleis ein av dei som var med på plata la seg inn til avrusning og heldt seg rusfri ein periode. Til premieren kom mora og systera til den eine musikaren, dei budde i Nord-Norge, og det gjorde inntrykk å sjå dei møte kvarandre etter fem år.

Filmen slutta med at dei gjekk saman bortover gata – eit talande symbol på at det kunne vere håp om ny kontakt og fellesskap.

Liv hadde ein sentral rolle i filmen, men ho var på ingen måte dominerande og ho gjekk ikkje i vegen for hovudpersonane, tvert om. Det var ein flott jobb ho gjorde.

Kraftoverføringens kulturminner

Share

Eg kom over ei pressemelding frå NVE om eit seminar i Oslo der temaet skulle vere det same som overskrifta på denne bloggartikkelen. Det vart halde i Oslo 14. desember og eg vart interessert i om det kunne vere noko frå Setesdal i det prosjektet, så eg tok kontakt med biblioteket i NVE for å høyre om eg kunne få eit eksemplar av boka. Eg tenkte at om det er noko frå Setesdal i boka, så kan det verte eit program i Valle Radio.

Her er lenker til meir informasjon:
http://museumsordningen.wordpress.com/kraftoverf%C3%B8ringens-kulturminner/
http://www.nve.no/no/arrangementer/Kraftoverforingens-kulturminner–boklansering-og-prosjektavslutning/
http://www.riksantikvaren.no/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=123462

Om ein søker på google med overskrifta som tema, finn ein mange artiklar om dette. På lenka over som går til riksantikvaren er det bilete av boka.

Det var stor velvilje hos NVE, sjølv om det ikkje var noko stoff frå Setesdal, kunne eg gjerne få boka og leite sjølv. Fredag låg den i postkassen, det var eit storverk på 382 sider i A4-format, rikt illurstrert. Eg fann ikkje noko frå Setesdal, det næraste eg kom var Støleheia i Kristiansand.

Men det var eit vell av bilete og svært mykje informasjon som eg gleder meg til å gå gjennom grundigare. Kanskje vert det eit program i Valle Radio om kraftlinjene i Setesdal. Eg har vore innom det i ulike samanhengar tidlegare, mellom anna i samband med bygginga av den nye linja mellom Holen og Brokke og vidare frå Brokke og sørover. Den er jo ferdig og teken i bruk, men stoff relatert til kraftprodukson og kraftoverføring er interessant for folk som høyrer på Valle Radio, det såg vi då Brokke Kraft feira 50-årsjubileum. Opptaket frå arrangementet sende vi til og med i reprise, og det gjer vi ikkje med mange program i Valle Radio.