Sverre Lund 100 år

Share

Ein dag på etterskot sender eg gratulasjonar til Sverre Lund, som fylte 100 år i går, 1. desember 2010.

Eg nemnde det i Kyrkjebakken i Valle Radio tysdag 30. november. I programmet Kyrkjebakken, som alltid avsluttar tysdagssendingane, og der eg prøver å nemne aktuelle ting som skal skje, nemnde eg desse temaene den kvelden:

1. Sverre Lund er 100 år i morgon, onsdag 1. desember 2010.
2. 1. desember på Nomeland bedehus. Samling med kvinnegruppa, alle kvinner hjarteleg velkomne. Enkel servering.
3. Langrennstrening Valle IL torsdag 2. desember 2010 klokka 17.30
Neste sending i Valle Radio er fredag 3. desember 2010 frå klokka 18:00 til «heile dalen».
4. Eilert Sundt-konsert på Hovden grendehus. Fredag 3. desember 2010 kl 19:00 skipar Setesdal spelemannslag til konsert i Hovden grendehus med Kirsten Bråten Berg (stev og viser), Sigurd Brokke (munnharpe), Knut Kjetilson Jore (stev og viser) Tor Espen Helle (dans), Daniel Sandén Warg (fele m.m.), Birgit Rike Lund (stev og viser), Birgit Anette Helle (dans) og Leonhard Jansen (forteljar). Samfunnsgranskaren Eilert Sundt vitja dalen i 1866 og konserten er laga rundt tekstar han skreiv etter den turen. Første gong framført under Nordsjøfestivalen i Farsund i august 2010. Billettar: 150/100/50 – vaksne/honnør, student/kulturkort.
5. Viggo Wilhelmsen har møter på Nomeland bedehus fredag 3. desember 2010 klokka 19.30, laurdag 4. desember 2010 klokka 19.30 og sundag 5. desember 2010 klokka 11. Det vert ofring til arbeidet i Korint.
6. Valle pensjonistforening har møte på Valle motell måndag 6. desember 2010 klokka 17.

Denne kvelden var det ganske mange meldingar i den programposten. Men at Sverre Lund var 100 år, var det fyrste eg nemnde. I samband med at Valle pensjonistforening skal ha jole til måndag, kunne eg ha nemnt at Sverre i mange år var leiar av Valle pensjonistfoerning, og at han ivra mykje for prosjektet Den ggyldne spaserstokk som dei hadde i foreninga.

Britta Lise Homme var på hundreårsdagen og tok ein del bilete frå festen, som var på Valle bygdeheim frå 13 til 16 denne dagen. Du kan sjå bileta hennar på Facebook, dei er opne. Sjå denne lenka: http://shrinkalink.com/38807

Eg skreiv ein artikkel om Sverre Lund på Setesdalswiki. Du kan sjå den artikkelen her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Sverre_Lund

Setesdalswiki har fått ny framside, så om du, når du har lese om Sverre, klikkar i venstremargen på Hovedside, ser du at det har blitt ganske store endringar.