Jolebord med Valle kommune 1

Share

Det vart ingen bloggpost i går, fredag 3. desember, for eg drog på jolebordet til Valle kommmune på Sølvgarden. Etter at me flytta til Mandal har eg ikkje prioritert dette, for tidlegare har det vore på laurdagen og eg har prioritert å vere heime i helga. Men denne gongen var det lagt til fredagskvelden, og då kunne eg vere med, sjølv om det kolliderte med fredagssendinga i Valle Radio. Artikkelen om denne på Setesdalswiki er nokså kort og summarisk. Om eg klarar å få litt meir kjøt på dei beina, veit eg ikkje, men veit du noko som det høver å legge inn i artikkelen, er du velkommen til det. Det er bare å fylgje denne lenka http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Fredagsprogram_Valle_Radio_20101203 og klikke på rediger-knappen, så kan du skrive det du veit.

Etter ein hyggeleg jolebordskveld saman med fem av dei karenske elevane mine, som har deltidsjobbar som reinhaldarar i Valle kommune og difor var inviterte til å vere med, sette eg kursen mot Mandal ved 22:30-tida. Ein kort stopp på YX på Evje er vanleg når eg køyrer denne turen, anten der er på sør eller nord. Men eg kom heim for seint til å skrive bloggen.

Festen var hyggeleg og komiteen hadde gjort ein god jobb i forkant, så det var både songar ved bordet, tale av ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund og fungerande rådmann Elise Marie Kringen. Og etter ei bordsete på eit par timar, samla vi oss i Riddersalen til underhaldningsprogram. Der fekk vi ei framføring av korleis ei øving i Nordibø songlag kunne arte seg. Eg er ikkje sikker på om Harald Knudsen sitt opptak av framføringa vert sendt i Folkemusikktimen, slik Eilert Sundt-konserten på Hovden same kvelden vil bli, men det var god underhaldning for alle oss som stua oss saman i romet. Vi var 130 tilsette på jolebordet, og ikkje alle kunne få plass i salen, men det fungerte greitt med serveringa sjølv om vi var så mange som skulle få oss mat. Det er bare så synd at magen vert medd før auga.

Mine karenske vener var på jolebord for første gong, og dei gjekk til liks med dei fleste av oss til dei kalde rettane fyrst. Men då den tallerkenen var tom, var magen full, så det var vanskeleg for dei å gå neste runde og få ein varmrett dei kunne gjere ære på. Eg prøvde likevel å syne dei, med god hjelp av Torleif Harstad, korleis vi et fisk og lefse. Men er det fullt, så er det fullt, så det var ikkje så mykje dei kunne få ned av denne tradisjonsretten i Valle.

Men neste år skal dei gjere det betre, då skal dei ta lite av den kalde maten og dermed ha meir plass til varm mat og dessert.

Denne bloggposten skulle vere innleiing til å legge ut songen eg skreiv til jolebordet. Men eg trur eg stoppar her, det er dumt med så lange tekstar at ein ikkje orkar lese dei, Så får du få songen i neste blogginnlegg.