Samkommune

Share

I kveld hadde eg med meg Tarald Myrum som fyrste gjest i Valle Radio. I Setesdølen nr. 100, 2010 hadde han eit lesarinnlegg om samkommune, og då tenkte eg at det var eit tema vi kunne snakke om.

Du kan lese meir om samkommune på setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Samkommune Dette er ei forsøksordning som har vore prøvd i Trøndelag, der det er etablert to samkommunar. Det er ikkje samanslåing av kommunar, men kommunar som går inn i eit forpliktande samarbeid på nokre felt, dei etablerer samkommunestyre som politisk styrer dei områda dei samarbeider på, men kommunane består likevel som sjølvstendige einingar.

Fordelen med dette er at det er politikarane som styrer, dei gjev ikkje frå seg styringa, slik det ofte vert opplevd når ein startar IKS. Tarald nemnde Setesdal Gjenvinning IKS som eit døme. Det har og vore tale om å etablere IKS innan IKT og Setesdal Brannvesen er vel og eit IKS.

Han meinte og at Setesdal Regionråd har fungert godt som eit samarbeidsorgan mellom kommunane i Setesdal, og tenkte at samkommune kunne vere ei vidareføring av det gode samarbeidet ein alt har. Men det er bare Senterpartiet som har gått inn for samkommunar. Då denne ordninga var ute på høyring, møtte den massiv motstand frå andre politiske parti, og samarbeidsorganet KS vende og tommel ned.

I Finland er det 250 samkommunar, i Sverige om lag 80, så han meinte det var rart at ein hadde vore så skeptisk til samkommunar i Norge. Dersom modellen vert lovfesta i kommuneloven, kan kommunar velje ein slik modell heller enn ei samanslåing. No fungerer ordninga etter forsøkslova. Men dei fleste partia ser ut til å meine at samanslåing av kommunar er det einaste ein bør arbeide for i Norge og er difor imot. Så får ein sjå korleis det går.