Jolesang

Share

Så vart det joleavslutning i år også. Vi hadde ei triveleg avslutning på Valle Vaksenopplæring i dag. Flyktningerådgjevar Guro og sjåfør Kim kom i tillegg til oss som høyrer til der, så vi var ein stor flokk som feira bursdag for PiKa og Aung Chi, begge fyller 50 i desember.

Det skjedde med marsipankake og bursdagssong og vart altså ei kombinert markering og avslutning.

Elevane våre er sangglade, så dei siste vekene har vi sunge jolesongar, og i dag var det Englar kved i høge kor og Det lyser i stille grender. Etter at me fekk piano, har Øystein boltra seg, -eg spelar bare på svarte tangentar, seier han. Det gjer at nokre songar anten kjem litt lågt eller litt høgt, men som oftast finn vi ei form som kan brukast.

I dag starta Englar syng i høge kor noko lågt, så eg bad han leggje opp, vi var godt oppsungne, så eg trudde vi kunne klare det. For eigen del meinte eg at det kom til å gå greitt, for elevane sin del var det ein fryd å oppleve. Det gjekk så godt at vi måtte reise oss på dei to siste versa, og på Glo-o-o-o-o-ria ljoma det godt i klasseromet.

Måndag fekk eg vere med på grøtkveld i familiekoret i Valle. Det er kyrkja som driv det, og dei fleste som er med, er frå Burma. Til vanleg øver dei på onsdagane, så arrangementet denne måndagsettermiddagen kolliderte med leksehjelpa for skuleelevane, men vi inviterte heile gruppa med på grøtkvelden, og det likte dei. Den kvelden vart det ikkje så mykje song, men dei skal syngje ved fleire høve i jola, og nyårsaftan inviterer karenarane til samling i Valle Menighetshus. Dei har levert ut innbyding til ei rekke norske som dei har vore i kontakt med og vonar at folk kjem for å høyre karensk song og ha ei triveleg stund i lag på tidleg nyttårskveld.

I dagens Setesdølen var det lyst ut at ein kunne søkje om støtte til integreringstiltak i lokalsamfunnet. Familiekoret er noko av det finaste integreringstiltaket vi har i Valle, så eg vonar at soknerådet søkjer pengar for å få støtte til notar og transport og kva det elles er som kostar pengar for koret. Og så vonar eg at dei syng jolesongar i Valle både denne jola og dei komande.