Sprekaste 70-åringen i Valle

Share

Eg held på å skrive inn overskrifter i Setesdølen for Setesdalswiki. I dag kom eg over ei avis eg hadde teke vare på, ho var frå 12. juni 2009, Overskriftene i denne avisa kan du lese her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Setesd%C3%B8len_nr._45,_2009

Ofte kan slike gamle Setedølen-eksemplar gje opplevingar der gamalt nytt blir like godt som nytt nytt. Ofte skuldast det at ein legg avisa til sides fordi ein ikkje hadde tid til å lese ein artikkel på ei heil side, men dei små notisane frå ein jo med seg. Den som fekk overskrifta Sprekaste 70-åringen i Valle, var Gyro Storerein, Gyro K. Homme på Valle Radio-språk. For ho er ein kjendis i Valle Radio, sjølv om ho ikkje har vore med i program så vidt eg veit.

Gyro K. Homme sponsar Valle Radio med premiar til mest kvar einaste Opi sending. Vi har liggjande ei heil hylle, minst, av gåver som ho har gjeve for å vere premiar i Open sending, “Bare ein kvar gong”, seier ho. Men innimellom kjem ho med gåvekort, gjerne på 10 kg sukker eller noko anna nyttig. Dermed får vi ikkje brukt opp det som ligg på hylla.

Då Valle Radio var ny, var det mange som sponsa radioen med premiar, men Gyro K. Homme er den som har halde ut lengst. Tid om anna får vi nokre gåver frå ulike firma, gjerne slike som har reklame hos oss og som gjev oss noko ekstra slik at vi nemner namnet deira i sendingane våre. Dei tenkjer på at når dei reklamerer hos oss, får dei kunder. Men Gyro Storerein skal ikkje selje noko og sponsar ikkje Valle Radio for å få noko att. Ho lever nok meir etter mottoet: Den største gleda ein kan ha, det er å gjere andre glad.

I fjor måtte ho slutte på vaskeriet til Valle Bygdeheim, der ho arbeidde i mange år. Ho vart 70 og kunne ikkje halde på lenger. Så vart det avskilsfest for henne og mange takkens ord. SJølv ville ho helst halde på lenger, men systemet er blitt slik at ein må stoppe når ein fyller sytti. I intervjuet med Ole Birger Lien i Setesdølen seier ho at “det er vemodig og rart å tenkje på at ein skal gå av avdi regelverket reknar ein for gamal, for eg kjenner meg ikkje gamal i det heile.”

Fødd i Homme, men då ho var ti år gama, flytta familien til garden Storrein i Tveitebø. Derav kjem kallenamnet. Ho var einebarn og arbeidde i lag med foreldra på garden. Sidan fekk ho seg jobb på bensinstasjonen i Valle, det var i den tida dei hadde turistar der. Ho hadde ansvar for å gjere klar rom og å gjere reint. Men etter kvart tok ho og til å arbeide på Valle Bygdeheim, så då jobben på bensinstasjonen gjekk opp i røyk i samband med at bensinstasjonen brann, hadde ho alt ny jobb. Den vart ho verande i, det er alt fleire år sidan ho fekk gullklokka frå Valle kommune.

No er ho altså pensjonist. I Valle Radio treng vi pensjonistar, og Gyro er ein trufast lyttar til sendingane våre. Når det høver slik, får vi som lagar programma, gode ord med på vegen. Slike lyttarar treng vi, og vi likar å ha dei. Takk for innsatsen for Valle Radio, Gyro.