Biografiar

Share

Biografiar er nyttig lesestoff. Av den grunn er det mange biografiar i wikipedia. Den norske utgåva har satsa mykje på å få på plass biografiar over folk. EIn ting er at vi har biografioversikter frå Hvem Hva Hvor, dette leksikonet som kjem ut kvart år. Vi har lov å legge inn listene, men ikkje skrive av artiklane. Etter kvart er det blitt ganske mange artiklar av dette, av dei 2417 namna vi hadde på den lista, manglar no bare knappe tre hundre. I tillegg har wikipedia svært mange fotballspelarar og andre sportsutøvarar, forfattarar og musikarar, har ein spelt på ei plate eller skrive ei bok, bør det vere artikkel på wikipedia. I løpet av ei veke vert mange sletta også, wikipedia har relevanskrav som gjer at ikkje alle som har lyst å verte omtalt på wikipedia, kan få artiklar der. Kravet er at ein har nasjonal interesse, då vert det få som får vere med i det gode selskap.

For eit par år sidan var eg med på Setesalskonferansen. Det var Setesdal Regionråd som arrangerte, og på slutten av konferansen kom det opp eit ønske om at vi burde hatt ein stad der ein kunne finne informasjon om alt som finst i Setesdal, dei fire kommunane er på mange måtar ein region som heng saman, men ein kjenner få utanom eigen kommune og omgangskrins. Det var då eg fekk den glupe ideen at vi kunne lage ei wikipedia for Setesdal, og når ein har ein ide på ein slik konferanse, vert det ofte til at ein får i oppgåve å gjennomføre den. Slik skjedde det også denne gongen.

No var eg heldigvis noko betre stilt enn mange andre. Son min hadde sett seg inn i dataprogrammet som driv wikipedia, det heiter Mediawiki. Og eg hadde skrive ein del på wikipedia på bokmål, så eg visste noko om korleis slike artiklar skulle vere. Dermed gjekk vi i gang, og no er det over 600 artiklar i det regionale leksikonet. Her kan du finne biografiar om folk som bur i Setesdal, eller kanskje skal vi seie Indre Agder, for Iveland og Åseral og andre bygder sine folk kan og finnast. Grunnen til det er at artiklane i stor grad baserer seg på stoff frå Setesdølen, og når dei har ein høveleg omtale av ein person, kan det godt skje at eg lagar ein artikkel til Setesdalswiki også.

Målet er at det med tida skal vere biografiar om folk som er i lokale media, slik at ein skal ha ein plass der ein kan få vite kven dei er, dei ein les om i avisa eller møter i Valle Radio. Difor skriv eg inn overskriftene i siste Setesdølen, dermed kan folk som er på ferie fylgje med på kva som rører seg i heimbygda via internett. I det nye året vil vi ha 1000 artiklar, så vi er godt i gang.

Som på wikipedia kan alle skrive på Setesdalswiki. Velkommen med du også.