Å treffe ein elg

Share

Eg hadde vore på Rysstad ein tur i går ettermiddag og var på veg heim. Det er jo som oftast ein interessant tur. Like nord for Soknehuset står julehuset på Rysstad 2010, dekorert etter alle kunstens reglar. Då eg kom forbi Faremo, sakka eg farten og såg på huset som brann ned fredag, der brannvesenet hadde store problemer med vatnet då dei skulle sløkkje.

Så var det 60-sonen på Nomeland, og eg såg på Hylestad skule. Eg pleier alltid å kaste eit blikk på grana som står ved huset der me budde i frå 1992. Men plutseleg stod det ein elg mitt i vegen, med hovudet vendt mot Otra, han hadde kome frå vestsida av vegen. Heldigvis hadde eg liten fart, men mange rare tankar for gjennom hovudet på meg:

Nummer 1: Den elgen var veldig stor
Nummer 2: Eg kjem til å treffe han
Nummer 3: Korleis skal dette gå?

Eg stod på bremsa, men plutseleg så kom det ein smell, og eg tenkte at no får eg han inn vinduet. Men det var bare spegelen min som blei slått inn, glasset i spegelen knuste, så eg måtte nytte spegelen inne i bilen, og då eg endeleg fekk sjå gjennom det, såg eg ikkje nokon elg, så noko fortumla heldt eg fram nordover.

Då eg hadde summa meg litt, ringde eg til Øystein, kollegaen min. Han hadde nummeret til Knut H. Nomeland, dette skjedde like nedanfor huset hans, så eg tenkte at om det låg ein elg i hagen hans, kunne han kanskje gå ut og sjå om den var der. Øystein lova å ta kontakt, og ein time seinare, då eg var komen meg heim og hadde lagt meg til å kvile middag, framleis noko sjokkert etter hendinga, fekk eg ein telefon tilbake. Då hadde Knut vore ute og sett at eg ikkje hadde drøymt, det hadde skjedd noko nedanfor huset hans, om lag ved undergangen der sykkelstien kryssar vegen. Eg hadde trudd det var lenger nord.

Men elgen hadde tydelegvis snudd og gått oppover i skogen der han kom frå, sikkert noko fortumla etter det slaget han hadde fått, men så langt Knut hadde kunna sjå, utan andre skader.

Eg har mange gonger tenkt på at ein må køyre forsiktig når ein er på farten opp og ned dalen, men til no har eg bare treft eit par rådyr. Det skjedde for nokre år sidan på Kveste, også dei hoppa vidare etterpå, sjølv om grillen var full av hår etterpå. I år har eg tenkt at det er så lite elg at ein tur er meir sikker no enn den var tidlgeare. Men eg tenkte feil.

Øystein minna meg om at ein skal ringe politiet når ein har grunn til å tru at eit dyr er skadd, dei kallar på folk som kan ut og leite etter dyret. Eg gjorde ikkje det etter å ha fått telefonen frå han, truleg må det i den forstand klassifiserast som ei ikkje-hending, men spegelen min er bevis på at det hende. Likevel er eg takksam for at eg ikkje fekk ein elgskrott over meg i bilen, då hadde det truleg ikkje blitt noko program i kveld.

Høyr Valle Radio på http://www.valleradio.com – klikk på live streaming

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *