Blogging

Share

Det er ikkje ofte eg ser på TV, men i kveld sette eg meg til etter nyhetene klokka 21, det var House som stod på programmet, og episoden vart introdusert til å handle om blogging. Då tenkte eg at når eg har skrive snart 2400 blogginnlegg, er det kanskje noko interessant.

Det var det jo og, House er jo ein type serie med mykje medisin, og det var ein bloggar som vart sjuk, og så var det å finne ut kva ho feila. Det spesielle med henne var at ho blogga heile livet sitt, ho skreiv om sjukdommen og spurde dei som las bloggen hennar om ho skulle få ny hjarteklaff av plast, og dermed ikkje kunna få barn, eller av grisehjarte, då kunne ho få barn, men klaffen måtte bytast etter ti år.

Min blogg er nok ikkje av den typen, han heiter Valle Radio Blogg, og det legg etter mi meining føringar, du som les det eg skriv, får nok eit visst innblikk i kva eg er oppteken av, men det er grenser for kva eg skriv om.

Bloggar kan vere så mangt. På blogs.no er det mange strikkeoppskrifter og mange som legg ut bilete. Når eg lagar sangkveld-program i Valle Radio, har eg stor glede av salmebloggen til Leif Haugen, han bloggar om salmer og songar. Kjell Ingolf Ropstad bloggar om politikk, det gjer Torbjørn Røe Isaksen også, den fyrste om KrF, den andre om Høgre. Eg veit ikkje kor mange som fylgjer dei, eg har 21 som får bloggen min som epost, og om lag 50 som er innom i løpet av eit døgn for å lese det eg skriv. Eg er nok ikkje den bloggen på nettstaden som har flest lesarar, men truleg er eg ein av dei flittigaste til å skrive, det bør helst vere eit innlegg på bloggen dagleg, synest eg.

Men altså ikkje om meg sjølv, men om program i Valle Radio og tankar og idear eg høyrer i radioen eller som kjem i samband med at eg lagar program. Difor vil du nok aldri få spørsmål om kva eg skal gjere i høve til å velje behandling på sjukehuset. Og når eg spør på bloggen, er det for det meste den store tausheten som ruger. På desse åra, med nærare 2400 innlegg på bloggen, har eg bare fått 75 kommentarar.

Truleg får eg ikkje nokon kommentar på dette innlegget heller. Men eg skulle likt å hatt ei oversikt over bloggarar i Setesdal, det hadde vore grunnlag for ein artikkel på Setesdalswiki om eg hadde fått nokre meldingar om slikt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *