Gledeleg jol eller jul

Share

Eg har lagt merke til at Setedølen vinglar litt, nokre gonger skriv dei jol, særleg om det er noko som skjer i øvre delen av dalen (men ikkje på Hovden), andre gonger skriv dei jul, særleg om det skjer nederst i dalen. Slik avspeglar avisa dialekten, så tema for Martin Skjekkeland si bok Dialektlandet, som kanskje låg under nokre juletre i år, er sikkert ganske så aktuelt. Dermed var Setesdølen aktuell som hadde eit heilsides intervju med han i julenummeret, og Valle mållag er like up to date når dei har han som gjestetalar på jolemøtet dette året.

Setesdølen nummer 105 var forresten ganske så interessant, det var fleire stykke av Erik Kjebekk der, han skreiv om juleheftene. Mellom dei mange kristelege julehefta nemnde han og Fiskerens Venn, då var eg på heimebane, for eg var redaktør for det tidleg på 1970-talet. Erik Kjebekk hadde forresten ei god historie der som eg trur eg vil sitere:

På Åvitsland budde ungkaren Sven. Han budde på eit loftsrom i enkle kår. Men det var svært populært for oss ungane å vere saman med Sven. Han var nemleg grei med oss og lærte oss mange skrøner og leikar. Men han likte ikkje når me kom og ville selje “Fiskerens Venn” til han. Når me sa den tittelen, la me vekt på å uttale den “Fiskeren Sven”. Sven forstod godt at me var ute etter å halde ap med han. Han vart naturleg nok litt sinna og jaga oss på dør. Me lo og ramla ned trappa og kom oss ut på tunet. Sven var ikkje langsinna. Det gjekk fort over. Og så var alt like gildt som før.

Eg skreiv ein artikkel om Erik Kjebekk på Setesdalswiki i dag, Du finn den her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Erik_Kjebekk

Den er bygd på artikkelen om han i wikipedia, som eg og skreiv for ei tid tilbake. Og har du ikkje sett kva titlane på artiklane i Setesdølens jolenummer var, kan du lese det og på Setesdalswiki. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Setesd%C3%B8len_nr._105,_2010

For den som ikkje har avisa no i juleferien, men er interessert i emnet, er det jo ganske greitt å få eit oversyn gjennom overskriftene. Lese artiklane, det må du gjere i papiravisa. No i jola kan det vere interessant å få med seg noko av det ein ikkje fekk lese så grundig i førjulstida, om ein no har teke vare på avisa.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *