Jolebord med Valle kommune 2

Share

I går skreiv eg fyrste runde av beretninga om jolebordet til Valle kommune fredag 3. desember 2010. Eg lova då å gje teksten til songen eg skreiv til jolebordet. Her kjem den:

Melodi: Nå har vi vaska golvet

Ei vise vil me syngje på dette jolebord,
når alle saman stemmer i, det vert eit veldig kor.
Vi skal ‘kje syngje Abba, det kunne vore gøy,
men me sit her rundt jolebord med mat og dekketøy.

Me er ‘kje nokon sutreklubb, iallfall ei i kveld,
me gleder oss i vennelag og held ved lag ein eld.
For jobben vår er triveleg og kvelden den er glad
her oppe mellom fjella og heiane ein stad.

Her folka lever lenge og eldrebylgjer slår
og valkampen er snart i gang, skal tru korleis det går.
Me kan vel spekulere litt om køen den blir lang,
men slik ein tanke neppe er eit tema for ein sang.

I denne kalde tida er straumen dyr som gull
men magasina tome er, det synest me er tull.
Til Otra Kraft me sender ein takk for jobb og straum
i femti år har elva vår ikkje hatt ein flaum.

Så mange slags problem dei har i verda rundt omkring,
i Valle er me spart for både krig og andre ting.
Så lat oss gjere livet lett for dei me møter her,
og truskap i ditt arbeid, det jo verdifullt er.

Så mange er dei oppgåver me møter på vår veg,
på kvar sin måte treng du dei, og dei kan trengje deg.
I kveld treng denne festen at du er sosial,
så du treng ikkje tenkje på kalkulatortal.

Snakk snilt med sidemannen i pausar ved ditt bord,
for festen den vert betre di fleir som vekslar ord.
Kva tema de skal drøfte, det står dykk ganske fritt,
men festen blir nok aller best når ingen pratar skit

Så lat oss alle kose oss på Sølvgarden i lag
og nyte kvelden saman ein kald desemberdag.
Lat maten her oss smake, bruk vit og kvar ein sans,
så vil me få ein kjempekveld ved borda og på dans.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *