Lisle jolekvelden 2010

Share

10 minusgrader ved kysten gjer at ein ikkje har så lyst til å ta seg ein tur til Mandal, men etter å ha utsett julegavehandlinga så lenge som råd, var det ikkje noko bønn lenger. Sjølv om vi skal feire jolehøgtida aleine, må ein jo søme seg. Eg skjønar godt folk som gjer unna jolehandlinga på Internett. Men då må ein vere ute i god tid, og eg er som regel i siste liten. Meir einn ein jolekveld har eg måtta ta turen ut for å sinne noko – trur nok at ungane sukkar litt over den håplause faren dei har når det gjeld jolegåver.

Men jolebrevet kom no av stad i dag, elektronisk flaug det til aust og vest og nor og sør. Ikkje så fancy som mange andre lagar det, men ei tettskriven side med tekst vart det. Bileta er ikkje mi sterke side, så dei utelet eg. Eg har jo fått nokre slike pdf-filer som eg skal skrive ut og legge saman med andre jolebrev, men når ein ikkje har windows på datamskina, er det av og til litt vanskeleg å få det til å fungere. Så eg gjorde det enkelt for meg sjølv.

Men så var det turen til byen, då. I Mandal er det ein butikk som har gratis parkering i 45 minutt på taket, og då eg kom der i ettermiddag, var det bare ein bil på taket, så folk må ha gjort frå seg jolehandelen. Eg spurde Reidun om det var noko eg skulle kjøpe, det einaste ho mangla, var ein kilo sukker. Dermed svinga eg ut av butikken for å finn jolegåve til henne og til meg sjølv: Bøker er den beste jolegåva, det er eit gammalt ordtak nærast, så Bok og Media tvers over gata måtte bli staden.

Eg veit ikkje om Annemor Sundbø les bloggen min, ho har vore med meg i Valle Radio ofte, og då eg tok joleferie, svinga eg innom Ose for å sjå om ho var der, men det var ho ikkje. I fjor var eg så heldig å få autografen hennar i ei av bøkene og mor har strikka mønster frå den boka til dei fleste jolegåvene ho har gjeve i år. Så eg tenkte at eg kanskje skulle finne boka hennar der. Om eg gjorde det? Så langt eg kan finne ut er den boka utseld på Bok og Media i Mandal.

Eg skulle nok heller ha vore i Valle til i dag. Då hadde eg fått høyre Valle Radio, eg kunne lufta vitet i sentrum mellom klokka 17 og 18 og kanskje vunne premiane i lotteriet. No såg eg på Facebook-sidene til Valle Radio at turnuslegen vår, August Gillebo, vann hovudpremien, som var ein kaffemaskin, og Gerd Astrid Åkre vann ein iPod. Eg gratulerer dei så mykje.

Nokre gonger har eg teke turen til Lyngdal lisle jolekvelden. Der har dei ein tradisjon med å samlast i kyrkja klokka 22. Men i år var det for kaldt. Eg held meg innomhus og nyt kvelden etter eit nydeleg lutefiskmåltid. Toeine ser vi fram til å feire jol saman, bare oss to, for fyrste gong. Det var vel på tide.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *