Takk for 2010

Share

I løpet av 2009 har de vore inne på bloggen min om lag 12000 gonger og sett på om lag 26.000 sider. I året som gjekk har eg skrive om lag 300 innlegg, til saman ligg det 2390 blogginnlegg på bloggen. Eg starta å skrive i oktober 2005, så eg har halde på i over fem år, og med om lag eitt kvar dag, så blir det ganske mykje tekst etter kvart.

Difor vil eg takke dykk som les det eg skriv. Det meste handlar om Valle Radio, men eg skriv jo og noko om det eg held på med på wikipedia. Eg burde nok og skrive meir om Setesdalswiki, det får vere eit mål i 2011, men det primære er å skrive om programma i Valle Radio. No er det ikkje slik at eg har høve til å høyre alt, så noko vert omtala meir tilfeldig og sporadisk, men gjennom åra får ein eit godt tverrsnitt av det som har vore oppe i radioen.

I året som gjekk har eg og utvida dekninga av radioen sitt stoff, slik at det no er meir om programma på Setesdalswiki. Der finn ein og meir informasjon om deltakarane i programma, i den grad eg klarar å fange det opp, då. Målet er jo at det skal vere ei kjelde til informasjon i Setesdal, meir slik at ein skal kunne slå opp informasjon der, og ikkje slik at den forsvinn i det historiske mørkret med tida.

I joleferien har eg lese litt i gamle utgåver av Setesdølen, og det slår meg kor fort ein gløymer, bare eit år etter at noko har skjedd, er det borte i den store haugen av det ein har høyrt om, men ikkje kan tidfeste og ikkje heilt kan plassere. Det digitale minnet kan hjelpe oss noko med det. Særleg på Setesdalswiki skulle eg ønskt at felire var med og skreiv, slik at det fortare kunne bli ei slik kjelde. No er det knapt 650 artiklar der, det brude vore mykje meir, men alt no ser eg at det er ei god hjelp til å fange idear og tankar.

Så vonar eg at vi får eit godt år i året som kjem. Om helsa held og ein får litt respons, så vil eg prøve å halde skrivinga i gang også dette året. Takk for at du les det eg skriv, det ville ikkje vore så artig å skrive om ingen las.

Godt nytt år!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *